Spanande roman om vennskap, sugardating og alvorlege konsekvensar
Kor går grensa mellom lettente pengar og å la seg bli utnytta? I denne medrivande romanen møter du ungdom som er fri og fanga på same tid. Det er ei forteljing som tar vennskap og unge menneskes livsval på alvor, og som ikkje vender auga vekk, sjølv når problema etter kvart tårnar seg opp.
Då Ida kjem heim frå sommarferien, har besteveninna Pernille endra stil og blitt heilt annleis. Ho har byrja å drikke, heng med dei populære jentene på skulen og trekk seg unna Ida. Kvifor har Pernille endra seg slik?
Ida oppdagar snart at Pernille tener masse pengar på å selge brukte truser på ei nettside for sugardating. Ida prøver å få ho til å slutte, men Pernille meiner ho har full kontroll. Då bestemmer Ida seg: Venninna må reddast frå seg sjølv!
«Pass dine eigne saker» er ein medrivande roman om vennskap, sjølvstende og det å miste kontrollen. Det er ei forteljing om å finne seg sjølv og ta ansvar for både eigne og venners livsval.
Boka har mykje dialog, korte kapittel og eit luftig oppsett. Det er ei spanande historie der mykje står på spel, med stort lesedriv frå start til slutt.
«Pass dine eigne saker» passar godt for ungdom.
Utdrag fra «Pass dine eigne saker»
Det kjem musikk og skråling frå stranda. Eg lener sykkelen mot eit tre før eg skundar meg ned til festen. Jentegjengen frå klassen sit ved eit av båla. Eg får straks auga på Thea og Naomi, klassens dronningar. Det sit ei superblond jente mellom dei, det er litt rart. Dei to fjolsa pleier alltid å vera klistra saman.
– Hei, eg lurte på …, begynner eg. Eg stoppar då eg møter blikket til jenta som sit trykt inn midt mellom dei to hurpene.
Brillene er borte, og håret er bleikt, ho ser heilt annleis ut, men det er ho.
– Eh, Pernille? Er det du? Pernille vrir på seg, nikkar og ser ned. – Shit, Ida. Visste du ikkje at venninna di har fått ny stil? spør Thea syrleg. Augo hennar lyser av skadefryd. Dei andre rundt bålet fniser og vekslar blikk.
«Pass dine eigne saker» er gitt ut på Det Norske Samlaget i 2026, og ho er støtta av Stiftelsen LESE.
Les meir om «Pass dine eigne saker» i Boksøk.