Stamceller
-
FØR:
Sjå på framsida til boka.
– Kva legg de merke til når de ser på bildet?
– Kva slags stemning formidlar bildet? Grunngi svaret.
– Kva tenkjer de om tittel og undertittel?Boka deltek i fakta-sjangeren.
– Synest de at det kjem fram av framsida? Kvifor/kvifor ikkje?
– Veit de om andre bøker i denne sjangeren?
– Kva slags forventingar får de til ei bok om fakta? Kva er fakta?
– I kva grad meiner de at ein kan forklare fakta med hjelp av teikneserie?
– Kva trur de teksten handlar om?
– Kva veit de om stamceller frå tidlegare?I utdraget blir det brukt fleire fag-uttrykk. Snakk gjerne om desse før de les teksten og/eller førebu elevane på at uttrykka kjem (fleire av orda blir forklarte i teksten). Her er nokre døme: stamceller, dei raude blodcellene, blodplatene, størkna, pluripotente, multipotente, mesenkymale, hematopoetiske, beinmergen, genene, sædcella, eggcella, beinceller.
UNDERVEGS:
Be elevane bruke to ulike fargeblyantar medan dei les. Den eine (til dømes ein grøn fargeblyant) bruker dei til å markere stader i teksten der dei lærte noko nytt. Den andre (til dømes ein raud blyant) markerer deler av teksten, faktaopplysningar eller liknande som dei synest er vanskelege.
ETTER:
1. Samanlikne fargar
I par eller i små grupperLa elevane sjå på fordelinga av grøne og raude markeringar i dei to tekstane og samanlikne kva dei synest var lærerikt og kva dei synest var vanskeleg. Er dei samde eller har dei ulike markeringar?
2. «Stille lesesirkel»
I grupper på om lag 4 elevar.Elevane skal jobbe saman om å lage ein «stille lesesirkel», dvs. ein lesesirkel der det ikkje er lov å prate – det er berre lov å skrive til kvarandre.
Kvar elev treng eit ark og må skrive namnet sitt øvst i venstre marg. Dei kan også skrive «Hei» øvst på sida, ev. etterfølgt av namn på dei andre i gruppa. Poenget med dette er å markere at det er snakk om ein samtale og ei utveksling av tankar og meiningar mellom elevane i gruppa, sjølv om elevane ikkje samhandlar munnleg.
Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, følelsar, spørsmål eller andre reaksjonar på utdraget dei har lese – heilt utan prat. Dei bør få beskjed om å skrive med leseleg skrift og å bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.
Når tida er ute, skriv elevane ferdig den setninga dei held på med og sender deretter teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les det nye arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekka, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekke.
Etter tre gjennomføringar returnerer dei arket til den eleven som begynte med å skrive på arket. Elevane les tekstane og set strek under ei setning på arket – setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har mest lyst til å diskutere vidare i gruppa.
Deretter får elevane endeleg lov å snakke. Be dei om å begynne med ei av de utvalde setningane og la dei elles snakke fritt om utdraget i nokre minutt.
3. Samtale i heil klasse
Klassesamtale.Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.
Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.
Begynn gjerne med spørsmål som:
– Kva handla dette om? eller
– Kva skjedde her?Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).
Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
Øystein Runde har valt å framstille cellene som personar.
– Kvifor trur de han har valt å gjere det slik?
– Kva slags likskapar og skilnader kjem de på at det er mellom celler og menneske?
– Kor mange av superheltane på side 41 kjenner de att?Boka hevdar at stamceller er – eller kan sjåast som – kroppens superheltar.
– Er de einige? Kvifor/kvifor ikkje?Ein av grunnane til at stamceller blir kalla superheltar, er at dei kan forvandle seg til det som trengst. På side 47 forvandlar stamcella «Rolf» seg til dømes til ei hudcelle.
– Kva ville de forvandla dykk til viss de hadde slike evner?
– Korleis vil de beskrive forholdet mellom blodplater og stamceller?
– Kvifor trur de at forskarane har vore så interessert i navlestrengblod?
– Korleis vil de beskrive bilda i utdraget? Er dei til dømes fine, morosame, forklarande eller liknande?
– Liker de dei eller ikkje? Kvifor?
– Kva synest de om samanhengen mellom bilde og tekst?
– Var det noko i utdraget som utfordra eller stadfesta det de visste frå tidlegare?
– Var det noko som overraska dykk?
– Har de lært noko nytt om stamceller?4. Vurdering i heil klasse
Klassesamtale.Til slutt diskuterer de utdraget i klassen med tanke på å nå fram til ei vurdering.
– Likar elevane teksten? Kvifor/Kvifor ikkje?
Det er viktig at synspunkta vert grunngitte.
-
1.
Klarar du å finne meir fakta om stamceller? Sjekk på biblioteket og på internett. Skriv ned ti fakta.
2.
Vel deg eit tema og finn ut fakta om det. Klarar du å lage ein teikneserie som fortel fakta?
3.
Kan du finne ut fakta om teiknaren og forfattaren av Stamceller, Øystein Runde?
-
Sjå forfattarens heimeside her.
Eit forfattarbesøk av Øystein Runde gløymer du ikkje med det første. Les meir om korleis skulen kan få han på besøk og kva besøka inneheld her.
Les meir om Runde og teikneseriar på faktafyk.no og Nynorsksenteret.
Stamceller er ei faktabok. Les meir om faktabøker her.
Kva veit du om stamceller? Les meir her.
Sagt om Stamceller og besøk av Runde:
«På film gror superheltar som Deadpool ut ny hand som ingenting. Men kor mykje av dette kan vi få til i virkeligheta? Cecilie Gjerde og Kamal Mustafa har fått til å gro ut tapt kjevebein med stamceller og beinpulver. Dei får besøk av vitskapspratar Øystein Runde, som her forklarer i tekst og teikneserieform kva dei ulike cellene gjer – og kva som er unikt med akkurat stamcellene.»
«Øystein Runde, med besteforeldre frå Kvamsøya, kjem til Sandemessa for å prate, teikne og forklare topp moderne vitskap slik at tiåringar kan forstå det. Og kanskje til og med vaksne. Runde står også bak fleire prisvinnande, actionfylte og humoristiske teikneserieromanar, men opplevde ein enorm pågang med si første faktabok, om kroppens små reparatørar, stamcellene. Korleis kan dei få eit sår til å gro? Og korleis har forskarar som Cecilie Gjerde, Kamal Mustafa og Shinya Yamanaka klart å påverke stamcellene til å gjere ein betre jobb? Om det blir tid, viser Øystein også sider frå dei andre prosjekta sine: Den barske vikingserien om Olav Sleggja, og eventyrserien Futen, om ein lubben byråkrat som krev inn pengar av troll og sjøuhyre. Øystein er ein anerkjent forskings- og historieformidlar, som blandar forsking, teater, historie og improvisert teikning til ei maskingeværladning med ny inspirasjon.»
«Jeg syns det er helt fantastisk å se forskning i dette formatet. Som forsker er den viktigste oppgaven vår å nå frem til folket og fortelle folk at det å forske er veldig viktig, og hvorfor det er viktig.» – Cecilie Gjerde, vinnar av Forskning Grand Prix på sitt arbeid med stamceller (Og hovudperson i boka!)
«What you do is very important.» – Shinya Yamanaka, Nobelprisen 2012 for sitt arbeid med induserte pluripotente stamceller. (Og med i boka)
-
Kva er GREIA med alle dei NAKNE folka i KUNSTEN? av Susie Hodge.
Do av Pia Strømstad.
Super-serien av Dan Höjer.
Verdas-bøkene av Jens Hansegård.
Ørjans keeperskole av Ørjan Nyland og Eirik Ingebrigtsen.
Humorboka av Terje Torkildsen.
Verdas viktigaste bok av Nathalie Simonsson.