Hopp til innhold

Sinne

Sinne Ann Helen Kolås, Ingebrigtsen, Samlaget 2020
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    Sjå på bokomslag, tittel, ingress og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

    Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

    – Kva legg dokker merke til på framsida av boka?
    – Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
    – Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen Sinne?
    – Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?
    – Kva slags samanheng ser dokker mellom framside og tittel?

    – Kva legg dokker merke til når dokker les ingressen?
    – Kva slags inntrykk får dokker av Synne?
    – Veit dokker kva ADHD er?
    – Kva tenker dokker om den siste setninga i ingressen?

    – Kva tenker dokker om ein tekst med identitet som stikkord?
    – Ser dokker element i ingressen, tittelen eller på framsida som peikar på identitet?
    – Kjenner dokker til andre bøker, filmar, TV-seriar osb. som tek for seg identitet?
    – Kva slags forventingar har dokker til boka?


    UNDERVEGS:

    Set strek i margen når du les …

    – noko som overraskar deg
    – noko som gjer inntrykk på deg
    – noko du lurar på


    ETTER:

    1. Snakk kort om teksten i heil klasse

    Klassesamtale.

    Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten


    2. «Stille lesesirkel»

    Gruppearbeid.

    Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

    Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

    Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

    Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

    Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.


    3. Samtale i heil klasse

    Klassesamtale.

    Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

    Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

    Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

    – Kva slags inntrykk får dokker av Synne?
    – Kva slags inntrykk får dokker av Torunn?
    – Korleis vil dokker beskrive relasjonen mellom dei to venninnene?
    – Kvifor trur dokker det er så vanskeleg for Synne å fortelje om Johan?
    – Korleis vil dokker beskrive endringane i humøret hennar frå s.72-75?
    – Kva synest dokker om at Synne svarer med eit hjarte?
    – Korleis hadde dokker sagt ifrå?
    – Har det noko å seie at samtalen finn stad på Face? Hadde det vore enklare om Synne og Torunn hadde vore i same rom?
    – Korleis forstår dokker memet frå Johan?
    – Synest dokker det er morosamt? Kvifor/kvifor ikkje?
    – Kva slags inntrykk får dokker av læraren, Lisbeth?
    – Kva synest dokker om måten Synne beskriver ho på?
    – Trur dokker Synne liker ho? Kvifor/kvifor ikkje?
    – Kva synest dokker om språkbruken hennar?
    – Kven trur dokker Synne høyrer på?
    – Må det nødvendigvis bli meir avstand mellom to venner når ein av dei blir forelska? Og når begge blir forelska i den same?

    Det står i teksten at Torunn har glorie.
    – Er dokker einige i den måten å framstille ho på?
    – Synest dokker at Synne er ein svikar? Kvifor/kvifor ikkje?
    – Kva synest dokker om løysinga på problema mellom Synne og Torunn?
    – Kva trur dokker skjer vidare?
    – Korleis trur dokker det går mellom Synne og Johan?

  • Aktivitetar

    1.

    Lag ei liste over ting eller situasjonar som gjer deg sint. Kva skjer når du blir sint, og kva gjer du for at det skal gå over?

    2.

    Skriv ein chat der Synne rekk å fortelje venninna Torunn at ho likar Johan. Korleis utviklar chatten seg då?

    3.

    Sit saman i grupper og lag ein faktaoversikt over ADHD. Held deretter ein presentasjon for dei andre i klassa.

  • Bonus

    Les intervju med forfattaren her

    Hovudpersonen i denne boka har ADHD. Les meir om ADHD her

    Boka ble hausten 2020 meld av ungdom på Uprisen.no. Sjå kva dei meiner her

  • Boktips