Misty åleine
Hunden Misty bur i eit krigsherja land langt borte saman med eigaren Ruben og foreldra hans. Familien har lenge snakka om at dei må flykte, vekk frå bombene som fell, og no er dei nesten dei einaste igjen i blokka. Misty er glad i mat, og då ho luktar noko godt i sekken til ein av naboane, følgjer ho etter lukta ned i kjellaren. Naboen legg ikkje merke til ho og stenger ho inne ved eit uhell. Det hjelper ikkje kor mykje ho gøyr, ingen høyrer ho.
-
Målet med arbeidet med Misty åleine er å gi elevane ei sterk leseoppleving og større innsikt i korleis krig, flukt og sakn påverkar både menneske og dyr. Lesinga skal hjelpe dei å utvikle empati, utvide perspektiv og undersøkje korleis språk og stemning verkar i ein tekst.
I førlesinga skal elevane bli nysgjerrige på teksten dei skal lese, og aktivisere eigne tankar og kjensler knytte til tema som flukt, sakn og forholdet mellom menneske og dyr. La bokomslaget vere skjult til elevane har laga eigne forslag.
Les utdraga høgt i fellesskap. Høgtlesing gir ei felles oppleving der alle kan delta, uavhengig av leseerfaring og tempo, og skaper tryggleik i møte med teksten. Planlagde lesestopp med korte refleksjonsoppgåver hjelper elevane å tolke og dele tankar med kvarandre undervegs. Nokre oppgåver blir gjennomførte i par eller grupper for å styrkje dialog og forståing.
Etter lesinga får elevane bruke leseopplevinga vidare i kreative og utforskande oppgåver. Dei uttrykkjer seg munnleg, skriftleg og visuelt, og arbeider med tolking, synsvinkel, språklege verkemiddel og eigen tekstskaping.
Oppgåvene kan tilpassast ulike alderstrinn og kompetansenivå.
Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret
-
Presentasjon i Canva
(trykk på pilene nedst i høgre hjørne på bilete)Før lesing
Kven trur du Misty er?
La tankane om henne vere utgangspunkt for ei skisse til eit bokomslag. Heng opp forslaga rundt om i klasserommet. Bruk dei for å få i gang ein samtale.
Flyalarmen går
(Læraren spelar av lyden av ein flyalarm). Skriv ned tre ord som kjem i hovudet ditt. Kva kjensler får du? Korleis kan lyd påverke stemninga i ein tekst?
Å miste noko eller nokon
Skriv samanhengande i to minutt utan å stoppe. Har du nokon gong mista noko eller nokon som var viktig for deg? Korleis var det? Dette skal ikkje delast med andre.
Under lesing
Første lesestopp
Start med å lese kapittel 8, men stopp allereie etter første avsnitt:
«Ingen får nokosinne vite kva det var som hende denne dagen. Kvifor flyalarmen kom så altfor seint, og kvifor ingen rakk å gøyme seg.» (s. 41)
Kva hendte denne dagen? Kva skjer vidare? Kor skjer det? Når skjer det? Diskuter ulike forslag med ein medelev. Kva spor i teksten støttar tolkinga di? Del forslaga i plenum før dokker les vidare.
Misty på ark
Teikn Misty på eit blankt ark. Skriv ned kva ho føler, tenkjer, høyrer, luktar, ønskjer. Kva fortel desse sansane deg om korleis Misty opplevde det som skjedde?
Etter lesing
Å flytte synsvinkelen
Misty møter fleire på reisa si for å finne Ruben, mellom anna «Sildemannen» og den gamle dama som sit på ein stein, i ei røys som ein gong var eit hus. Vel deg ein av desse karakterane og skriv eit dagboknotat der synsvinkelen ligg hos ein av dei. Bruk førstepersonsforteljar og få fram kjensler og tankar.
Å lage illustrasjonar til tekst
Gå tilbake til teksten. Vel deg ei scene og forsøk om du kan teikne ho. Tenk over korleis du brukar fargar for å få fram stemninga i teksten. Bruk teikningane som illustrasjonar i ein PowerPoint som læraren viser medan teksten blir lesen høgt.
Verkemiddeljakt
Finn språklege verkemiddel (metafor, samanlikning, besjeling, personifikasjon). Kva for verknad har dei?
Å øve på å gjenfortelje
Etter å ha lese utdraget skal du øve på å gjenfortelje det du har lese. Tenk over korleis du brukar stemma di. Prøv å variere tempo og trykk for å skape stemning.
Gruppeoppgåve
Les teksten ein gong til. Legg merke til kor det er naturleg å leggje til lyd. Lag lydkulissar til utdraget du har lese. Avslutt med å lese utdraget høgt medan du spelar av lydkulissane i bakgrunn.
Utdjup augneblinken
Gå saman i grupper på 2-3 elevar. Vel dokker ei scene og dramatiser ho. Skriv replikkar. Vis gjennom kroppsspråk og stemme korleis karakterane har det. Tenk òg over korleis lys og lyd kan forsterke stemninga. Framfør for klassa, eller lag ein film som alle kan sjå.
«Reisa»
Skriv ei forteljing eller ei novelle med tittelen «Reisa». Hent inspirasjon frå tema eller stemninga i utdraget.
Kva skjer vidare?
Kva skjer vidare med Misty? Kva skjer med Ruben og familien? Vil dei nokon gong finne tilbake til kvarandre? Vel deg ein synsvinkel og skriv vidare på romanen.
Oppgåver
Nyhendesak
Lag ei nyhendesak med Misty i hovudrolla. Misty har fleire gonger fått merksemd av menneske ho kjem i kontakt med i leiting etter familien sin. Ho har gjort eit stort inntrykk. Vel om du vil skrive ein nyhendeartikkel som skal publiserast i ei avis, eller om du vil lage ein radioreportasje der du er journalist som rapporterer om Misty si reise. Bruk intervju og sitat frå menneske Misty har møtt, for å skape truverd. Lag ei fengande overskrift.
Kjæledyr i krig
Fleire stader i verda i dag er menneske på flukt frå krig og andre katastrofar. Undersøk kven som flyktar, og kvifor dei flyktar. Kva skjer med kjæledyra når det er krig? Finn ut meir. Fleire av desse dyra har fått heltestatus, som for eksempel hunden Patron, som har fått heiderspris av Zelenskyj og har ein eigen instagramkonto. Lag ein eigen instagramkonto til Misty. Kva for bilete og tekstar ville du ha valt for å vise korleis Misty har det?
Å skrive personleg
Kva ville du ha gjort om du var Ruben og måtte dra ifrå kjæledyret ditt? Skriv ein kort personleg tekst.