Kobbs hus
Det er sommarferie. Ask og tvillingane Iris og Eik hadde tenkt å spele fotball og bade heile sommaren, men så kom Daniela på besøk frå Egypt, og ferien endra seg. Daniela er barnebarnet til Billy Kobb, ein gal eventyrar som eig eit stort, skummelt spøkelseshus på ei øy i fjorden. Foreldra hennar er kidnappa, og for å betale dei fri treng ho skatten bestefaren har gøymt i huset. Gjengen ror over til Kobbs hus, og det viser seg fort at Billy Kobb har sikra skatten med all verdas feller. Men sjølv om dei har møtt ein rasande isbjørn, og Eik og Iris har forsvunne gjennom golvet, har ikkje Ask og Daniella tenkt å gi seg.
-
Korleis beveger vi oss dersom vi ikkje vil bli oppdaga? Korleis beveger vi oss dersom vi har blitt oppdaga, og må springe for livet for å komme oss vekk? Kva ord brukar vi for å beskrive det som skjer?
Til utdraget frå Kobbs hus skal elevane arbeide med kontrastar. Dei to kapitla har svært forskjellig tempo. I det eine kapittelet listar barna seg gjennom ein labyrint av bokhyller, i frykt for å vekke eit farleg vaktdyr. I det andre kapittelet har dyret vakna, og barna spring med dyret i hælane for å komme seg gjennom labyrinten.
I undervisningsopplegget skal elevane ut og bevege seg ute på ulike måtar, dei får samtale om teksten, og dei får arbeide med korleis verb og adverb er med å påverke tempoet i ein tekst. Til slutt skal dei prøve å skrive tekstar sjølve, både fartsfylte og nervepirrande.
Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret
-
Presentasjon i Canva
(trykk på pilene nedst i høgre hjørne på bilete)Før lesing
Hinderløype og ulike bevegelsar
Før vi ser på teksten, skal vi finne oss ein stad med litt hinder. Det kan vere benkar og bord ute på skuleplassen, eit klatrestativ, ein stad med litt hindringar i skogen, ein tuftepark eller ei hinderløype i gymsalen.
Bli einige om eit område der de skal bevege dykk frå A til B. De må forsere fleire hinder. Lengda kan vere 10–100 meter, avhengig av kor mange hinder der er.
Oppdrag 1 – vi listar oss gjennom hindera
Tenk at det er mørkt og blikstille ute. Berre månen lyser. Farlege dyr ligg på lur, og de vil ikkje bli oppdaga.
Beveg dykk så roleg, umerka og forsiktig de greier frå A til B utan å bli oppdaga.
Når de er ferdige, lagar de ei liste saman over kva bevegelsar de har gjort.
Døme: liste, krype, åle, gå.
Oppdrag 2 – vi brasar gjennom hindera
Du har tråkka på ein kvist, og dei farlege dyra har oppdaga deg.
No skal du bevege deg så hurtig du greier gjennom hinderløypa. Du har dyra i hælane, og dei skal ikkje få tak i deg.
Når de er ferdige, lagar de ei liste saman over alle bevegelsane de har gjort.
Døme: springe, hoppe, klatre, svinge, stupe.
De kan variere aktiviteten slik de ønsker sjølve. Det kan vere å leike gøyme og leite i skogen (liste seg) eller ha stafett i ei hinderløype (brase).
Uansett kva aktivitet de vel, er det eit poeng at de endar opp med ei liste verb som passar til kvar aktivitet.
Når de er ferdige, stiller de elevane spørsmål:
Korleis i alle dagar kan desse aktivitetane henge saman med teksten vi no skal lese, trur de? Kva trur de vi skal med verba?
Føregrip lesinga
Når vi føregrip lesinga, koplar vi oss på det vi skal lese om, og det kan bli både lettare og kjekkare å lese.
Framsida
Samtal to og to før de diskuterer i full klasse. Hugs å grunngi svara dykkar.
– Kva trur de denne boka handlar om?
– Kva type bok trur de dette er?
– Kvar trur de barna er?
– Kva trur de skjer i dette bildet?Karakterane
– Kven er eg-forteljaren i boka, trur de? Kvifor trur de det?
– Kven av personane trur de er mest redd? Kvifor trur de det?
– Kven av personane trur de er mest «klar for kamp»? Kvifor trur de det?
– Kva eller kven trur de dei møter i døra? Grunngi.Les baksideteksten saman
På ei øy så vidt synleg frå land står eit stort og merkeleg hus. Eigaren er den heilsprø skattejegeren Billy Kobb, som ingen har sett på år og dag. Det kjem lydar frå øya, nifse brøl som ikkje lar seg forklare. Dei siste som drog ut dit, kom ikkje tilbake. Øya er farleg.
Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya.
Og det skal snart vise seg at eit besøk i Kobbs hus er både rarare, artigare og endå meir livsfarleg enn nokon av dei kunne ha førestilt seg.
Samtal om personane på framsida
Når Ask og vennene Iris og Eik likevel ror ut til Kobbs hus midt på natta, er det ikkje fordi dei har spesielt lyst. Gjengen skal hjelpe Daniela, ei mystisk jente som dukka opp i starten av sommarferien. Ho har eit oppdrag på øya.
– Kven trur de er Ask?
– Kven trur de er Eik?
– Kven trur de er Iris?
– Kven trur de er Daniela?Svar:
Daniela har rosa t-skjorte (ho har eit oppdrag på øya)
Ask har grøn t-skjorte (eg-forteljaren i boka)
Eik har lyseblå genser (venn av Ask, engsteleg, tvillingbror til Iris)
Iris har gul t-skjorte. (venn av Ask, uredd, tvillingsøster til Eik)Samtal om de har fått nye tankar
– Kva trur de no boka handlar om?
– Kva type bok trur de no dette er?
– Kvar trur de no barna er?
– Kva trur de no skjer i dette bildet?Under lesing
Dette har skjedd
Foreldra til Daniela er kidnappa av ein sjeik, også kjend som Ørkenskorpionen. For å fri foreldra må Daniela finne ein eldgammal, verdifull ring som kidnapparen vil ha.
Denne ringen er gøymd i Kobbs hus – eit stort, mystisk hus på ei øy langt frå land. For å kome fram til ringen må Daniela gjennom ei halsbrekkande skattejakt med svære, svoltne dyr og kompliserte og livsfarlege oppgåver.
I utdraget vi no skal lese, er det midt på natta, og Ask, Iris og Eik har reist ut til øya for å hjelpe Daniela med oppdraget.
Alle fire har kome seg unna ein isbjørn to gonger, og dei er godt i gang med skattejakta. Men no har to av vennene blitt slukte av golvet, og susar nedover ei sjakt ingen veit kvar endar.
Kapittel 18
Les kapittel 18 saman i klassen, fram til side 46 og setningane:
– Ein labyrint, seier Daniela. – Det er ein labyrint.
– Fortel alt de kjem på om labyrintar, til kvarandre to og to. Har de vore i labyrintar nokon gong?
– Veit de korleis ein kan kome seg ut av ein labyrint?
– Kva trur de Eik og Daniela gjer for å kome seg vidare?
– Er der ord i teksten de treng å oppklare før de les vidare?Når vi oppklarer ord som er vanskelege å lese, eller som vi ikkje forstår, kan det bli lettare å få med seg innhaldet i teksten.
– Fotballkamptap
– Fjelltursliten
– Skuve
– TannhjulLes resten av kapittelet høgt saman i klassen.
Oppsummer saman
Når vi oppsummerer det vi les, blir det lettare å hugse innhaldet. Det kan også gjere at vi forstår innhaldet betre. Å samtale om det vi har lese, kan vere ein måte å oppsummere på.
– Kva tenker de om metoden Daniela og Ask brukar for å kome seg ut av labyrinten?
– Kva for nokre følelsar trur de dei har i kroppen når dei listar seg rundt i labyrinten?
– Kan de finne døme i teksten som gjer at de trur dette?
– Kva trur de skjer vidare?Oppklar
Er der ord i teksten de treng å oppklare før de les vidare?
– Førsteutgåve
– Tilsyn
– Vaktpost
– Bokryggar
– Blindveg
– DetonertKapittel 19
Les kapittel 19 saman
Oppsummer og reflekter
– Kva tenker de om den nye metoden Eik og Daniela valde for å kome ut av labyrinten?
– Kva for ein metode trur de hadde fungert best i verkelegheita?Oppklar
Er der ord i teksten de treng å oppklare?
– Kvervlar
– Snerrar
– Biptest
– KolibrivengekjaptEtter lesing
Ord som skaper spenning
I kapittel 18 listar Daniela og Eik seg så stille dei kan, mellom bokhyllene for å kome seg gjennom labyrinten utan å bli oppdaga av honninggrevlingen.
I kapittel 19 veltar dei bokhyller, kastar bøker og legg på sprang for å kome seg unna honninggrevlingen.
Vi skal no undersøke kva for nokre verb, substantiv og adjektiv som er brukte i dei to kapitla, og diskutere korleis desse er med på å variere stemninga i forteljinga. Vi skal også sjå kva som kjenneteiknar orda som er brukte for å skape desse stemningane.
Men først skal vi ha eit lynkurs og repetere dei fire ordklassane.
Verb
Eit verb er eit ord som uttrykkjer
noko som skjer.
Eksempel:
å gå, å springe, å kaste
Substantiv
Eit substantiv er ting, stadar,
personar, dyr eller begrep.
Eksempel:
klør, pust, Ask, tassing
Adverb
Eit adverb er eit ord som
beskriv eit verb.
Eksempel:
Å gå fort, å kaste hardt
Adjektiv
Eit adjektiv er eit ord som
beskriv eit substantiv.
Eksempel:
skarpe klør, rask pust
Del klassen i to grupper
Den eine gruppa skal lese siste halvdel av kapittel 18, frå side 47 til 49.Den andre gruppa skal lese første halvdel av kapittel 19, side 50–52.
Marker verba og adverba med raud farge. Marker substantiva og adjektiva med grøn farge.
Vel 5–10 verb, 5–10 adverb, 5–10 substantiv og 5–10 adjektiv som er med på å skape spenning. Skriv dei inn i tabellen i arbeidsarket. Etterpå skal vi samanlikne orda i dei to tekstane.
Arbeidsark om ordklassar
Last ned og skriv ut arbeidsark tik kapittel 18 og arbeidsark til kapittel 19. Skriv verba de har funne inn i tabellen i arbeidsarka. Samtal i klassen om verba de har funne, og skriv dei inn i to tabellar:
Barna listar seg i labyrinten
Barna brasar gjennom
verb
adverb
substantiv
adjektiv
verb
adverb
substantiv
adjektiv
– Kva for nokre ord har de funne?
– Kva kjenneteiknar verba og adverba i dei to kapitla?
– Er det forskjellig fart og lyd over dei?Skriveoppgåve
1. Byt ut verb og legg til adverb i denne teksten, slik at han blir meir nervepirrande (listande)
Eg går ut døra. Eg snur meg, men eg kan ikkje sjå han. Han må ha gått ein annan veg. Eller kan det vere han har gøymt seg?
Eg må kome meg heim før han oppdagar meg.
Før eg kryssar gata, ser eg meg til høgre og venstre. Eg ser meg også over skuldra. Så går eg vidare.
Eg kjem inn i ei smal gate. Der er det ikkje like lett å bli oppdaga. Eg går inn i den trange gata, og går mellom husa og dei parkerte bilane. Idet eg rundar hjørnet, bråstoppar eg. Der framme står han.
2. Byt ut verb og legg til adverb i denne teksten, slik at han blir meir spennande og fartsfylt.
Eg går ut døra. Eg snur meg, men eg kan ikkje sjå han. Han må ha gått ein annan veg. Eller kan det vere han har gøymt seg?
Eg må kome meg heim før han oppdagar meg.
Før eg kryssar gata, ser eg meg til høgre og venstre. Eg ser meg også over skuldra. Så går eg vidare.
Eg kjem inn i ei smal gate. Der er det ikkje like lett å bli oppdaga. Eg går inn i den trange gata, og går mellom husa og dei parkerte bilane. Idet eg rundar hjørnet, bråstoppar eg. Der framme står han.
3. Del tekstane med kvarandre
Les opp tekstane de har skrive, eller heng dei opp i klasserommet.
– Har de brukt nokon av orda i ordbankane?
– Er nokon av desse orda dei same som de brukte i hinderløypa?Nye, samansette ord
I teksten finn vi fleire samansette ord vi ikkje brukar i språket til dagleg
– Fotballkamptap
– Fjelltursliten
– KolibrivengekjaptDel opp dei samansette orda. I kva ord ligg meininga i det samansette ordet?
Les setningane
– Stemninga liknar fotballkamptap
– Trinna kjennest høgare og fleire enn sist, og eg er fjelltursliten då vi endeleg når toppen.
– Kolibrivengekjapt skiftar isbjørnen status frå jeger til bytte.Samtal:
– Korleis ville setningane vore om ein brukte orda tap, sliten og kjapt i staden?
– Kva gjer desse kreative orda med teksten, tenker de?Leik med ord
I Ivar Aasen-tunet bur formidlingsfiguren tunkatten Lurivar. Han likar å leike med ord, og samlar på kule, samansette ord som ikkje finst i noka anna ordliste.
Gå inn på sida www.tunkatten.no/ordliste. Lag nye ord og send inn til ordlista til Lurivar.
Syng songen «Ord! Ord! Ord!»
Lurivar har sin eigen ordsong. Her finn de notar og tekst til songen «Ord! Ord! Ord!». Lydfil og komp finn de her.
Både Lurivar og songen er laga og meint for barn som er mykje yngre enn dykk, men begge passar godt i samanhengen. Kanskje gjer det godt å synge litt uansett.