Keisar Augustus
August og mor hans skal lytte til den vesle bygda mora rømde frå då ho var ung. Etter at August tok valdeleg hemn på ein klassekamerat, vil ikkje mora at dei skal bu i byen meir. Det er ikkje første gongen han har hamna i trøbbel fordi nokon har snakka skit om mor hans. No har mora lova å slutte å selje hasj om August lovar å oppføre seg – dei skal få ein ny start. Dei har nett parkert bilen og sett på det nye huset, og no tar August seg ein tur på kjøpesenteret.
-
I undervisingsopplegget under får elevane nærlese og arbeide med eit utdrag frå spenningsromanen Keisar Augustus. Gjennom oppgåvene får dei utforske korleis romanen skildrar personar, relasjonar og val, og reflektere over korleis hovudpersonen framstår i møte med andre. Dei fleste av oppgåvene er samarbeidsoppgåver slik at elevane får høve til å dele tankar, lufte teoriar og utvikle forståing saman, før ein snakkar om dei i plenum.
Til slutt i opplegget finn du forslag til to skriveoppgåver: ei kreativ oppgåve der elevane skal skrive vidare på tekstutdraget og lage ein alternativ slutt, og ei samfunnsretta oppgåve der dei lagar ein kort informasjonsfilm om konsekvensane av butikktjuveri.
Presentasjonen som høyrer til opplegget, gir ei tydeleg ramme og skapar eit felles fokus. Vi tilrår at du bruker han aktivt gjennom heile undervisingsøkta.
Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret
-
Presentasjon i Canva
(trykk på pilene nedst i høgre hjørne på bilete)Før vi les
To og to saman
Studer bokframsida, og snakk saman om:
– kven de trur hovudpersonen i forteljinga er
– kva slags eigenskapar hovudpersonen har
– kor gammal de trur hovudpersonen er
– kva slags sjanger romanen er skriven i (kjærleiksroman, science fiction, relasjonelt drama, thriller, spenning, osb.)
– kva boka kjem til å handle om
– kva de trur Keisar Augustus har med forteljinga og hovudpersonen å gjere
– kven de trur er målgruppa for romanenUndersøk:
1) Kven var den historiske personen Keisar Augustus, og kva er han kjend for?
2) Kvifor trur de forfattaren har valt å gi boka dette namnet?
Å spele på andre tekstar, historiske hendingar eller kulturutrykk er vanleg i litteraturen. Eit fagomgrep for dette er intertekstualitet. Nokon meiner at når forfattaren viser til andre bøker eller tekstar, får teksten eit ekstra lag som gjer han meir spennande å tolke.
3) Kjenner de til andre bøker, seriar eller filmar som er intertekstuelle?
Medan vi les
Tenk over:
1) Kva får du vite om hovudpersonen i forteljinga?
2) Får du vite noko om familien hans?
3) Kva slags bakgrunn har han?
Etter vi har lese
Snakk to og to saman
– Ta utgangspunkt i bileta i presentasjon (lysbilete 6), og forklar for kvarandre kva som skjer i tekstutdraget.
– Kva fekk de vite om hovudpersonen?
– Fekk de vite noko om familien hans?
– Kva slags bakgrunn har August?
– Kva trur de er forklaringa bak tittelen, no som de veit namnet på hovudpersonen?Snakk om leseerfaringar
– Kva likte du best ved tekstutdraget?
– Kva overraska deg?
– Var det noko du ikkje likte, eller som irriterte deg?
– Opplevde du scenene som vart skildra, og samtalane mellom ungdomane, som truverdige?Hugs å grunngi synspunkta dine.
Forventingsbrot
I starten av utdraget får vi vite gjennom tankereferat og skildringar at August stel. Han går roleg gjennom butikken og stappar lommene fulle av varer.
– Kva var det de forventa skulle skje då de las starten på teksten?
– Kva var det som skjedde?
– Kvifor kan forventingsbrot vere effektive verkemiddel i ei forteljing? Kjenner de til bruk av forventingsbrot i andre tekstar, bøker, filmar eller seriar?Møtet med ungdomsgjengen
August møter tilfeldigvis på ungdomsgjengen han såg inne i butikken, på torget. Aman seier at han berre må kome til han om han nokon gong får problem.
– Kva er bakgrunnen for denne invitasjonen, trur de?
– Kva slags inntrykk får de av gutegjengen på benken?
– Kva slags inntrykk får de av Alexander?Ungdomsgjengen blir imponert over at August har stole mat frå butikken. Denne gjengen verkar å stå litt på utsida av både det vanlege ungdomsmiljøet og lovverket.
– Kva får vi vite om dei, som kan underbyggje dette inntrykket?
Kva skjer vidare i romanen, trur de?
De har no møtt hovudpersonen, og vi veit at han har fått kontakt med ein ungdomsgjeng som liknar litt på han sjølv.
– Kva trur de kjem til å skje vidare i romanen?
– Jobb saman to og to og kom med forslag til kva som kjem til å skje vidare i romanen Keisar Augustus. Presenter teorien dykkar for resten av klassa.Skriveoppgåve
På side 29 i romanen står det:
Eg kjem til kassa og er så roleg at ingen legg merke til meg. Då veit eg at eg slepp unna med det. Men nett i det eg skal gå forbi kassa, blir eg forstyrra.
Skriv vidare på forteljinga, og lag ein uventa og annleis slutt enn den som står i boka.
Tips og hjelpespørsmål
– Utvid augneblinken, og skriv fram kva hovudpersonen tenkjer og føler om det som utspeler seg.
– Kven forstyrrar hovudpersonen?
– Kva skjer etterpå?
– Korleis endar historia?Les tekstane høgt for kvarandre i klassa.
Kreativ oppgåve
Eit lite val med store konsekvensar
Dei siste åra har politiet registrert ein auke i butikktjuveri blant ungdom. Arbeid i grupper og lag ein informasjonsfilm som rettar seg mot ungdom.
Målet med informasjonsfilmen er:
– å få ungdom til å reflektere over kvifor steling er eit lovbrot og ei urettferdig handling som går utover andre
– informere dei over følgene av å stele i butikkenUtform filmen på ein måte som treffer ungdom!
Vis filmane for kvarandre i klassa.
-
Aleksander den store av Peter Strassegger
Skarpe kantar av Therese Garshol
På ein skala frå ein til ti av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Du veit ingenting av Sigrid Agnethe Hansen
Hjartespreng av Inger Johanne Sæterbakk
Pass din eigne saker av Ingelin Røssland
Det verste har allereie skjedd av Marta Söderberg