Hopp til innhold

Glimt

Glimt, Tor Arve Røssland, Samlaget 2015
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    1. Kva får dykk til å grøsse?
    Gruppearbeid.

    Sjangerlogoen til utdraget frå Glimt viser grøss.

    Del inn elevane i grupper og la dei diskutere:
    a. Kva forventar de når de høyrer ordet grøss?
    b. Kva får dykk til å grøsse?
    c. Finst det forskjellige slags grøss? Forklar.
    d. Kva slags andre grøssar-bøker og -filmar veit elevane om?
    e. Kva må vere med i ein god grøssar? Skriv ned stikkord. Kva forventar elevane av ein god grøssar?

    2. Oppsamling i heil klasse

    Klassesamtale

    Be gruppene fortelje kva dei har kome fram til.

    Del inn dei forskjellige slaga grøss i grupper ut ifrå svara til elevane. Det er òg mogleg å samanlikne med denne tredelinga, henta frå ein artikkel av Ann Sylvi Larsen i Norsklæraren:

    a) den eventyrlege skrekkforteljinga

    b) forteljingar om det ukjende – den psykologiske skrekken

    c) psykopatforteljingar

    Prøv til slutt å avgjere kva slags grøss Glimt kan vere ut ifrå framsida og ingressen.

     

    UNDERVEGS:

    Be elevane dele inn i avsnitt og markere:

    – Avsnitt som er spennande eller skumle
    – Setningar og formuleringar dei likar/ikkje likar

    ETTER:

    1. Gruppearbeid

    La elevane sitte i mindre grupper og ha ein samtale med utgangspunkt i følgjande spørsmål:
    – Er de einige om kva for avsnitt som er mest spennande?
    – Er de einige om kva for avsnitt som er minst spennande?
    – Kva for setningar/formuleringar har de valt å framheve?

    Dei kan òg snakke om kva dei synest er bra og/eller dårleg med teksten, og kva dei eventuelt synest kunne vore betre.


    2. Diskusjon i heil klasse
    Klassesamtale

    Snakk om teksten med utgangspunkt i leseopplevingane til elevane. Still opne og autentiske spørsmål og oppfølgingsspørsmål som bygger vidare på svara til elevane.

    I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i samtalen:
    – Kva synest de om Jon?
    – Kva slags relasjon trur de han har til foreldra sine?
    – Trur de Jon har ein mistanke om kven som driv gjøn med han?
    – Kvifor spør han ikkje berre Rebekka eller ein av dei andre i bandet?
    – Kva slags inntrykk får de av Rebekka?
    – Kvifor trur de at Jon berre vert meir interessert i Rebekka etter besøket i butikken?
    – Har de nokon gang opplevd å vere offer for ein spøk som ikkje vart avslørt?
    – Kvifor trur de at den første filmsnutten vart tatt opp kl. 19.33, akkurat då Finn og ungdomane insisterer på å kome seg ut av ungdomshuset?
    – Korleis vil de forklare det som skjer?
    – Kven trur de det er som dukkar opp i kameraet på slutten?
    – Kvifor trur de at Jon røskar ut leidningane?
    – Kva trur de skjer vidare?
    – Synest de at utdraget er spennande? Skummelt? Kvifor/kvifor ikkje?
    – Kva er det ev. ved utdraget som gjer at de grøssar?

    Avslutt gjerne diskusjonen med ein meta-samtale: Vend tilbake til sjangerperspektivet frå førlese-samtalen og snakk om kva slags grøss de trur Glimt er. Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boken?

    Glimt er det ei parallell historie til den andre verdskrigen.
    – Kvifor trur de at forfattaren gjer eit slikt grep?
    – Kva kan tittelen bety i så måte?

    3. Vurdering og avstemming

    Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa med tanke på å kome fram til ei felles vurdering:

    Likar de utdraget frå Glimt?

    Kvifor/kvifor ikkje?

    Det er viktig at synspunkta vert grunngitte, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei.

    Avslutt gjerne med å stemme over utdraget på tidforti.no og/eller legg inn meiningane deira om teksten. Vi set òg veldig stor pris på om du som lærar ønskjer å vurdere korleis utdraget fungerte som del av litteraturundervisninga – om det bidrog til å skape engasjement for lesing blant elevane dine osv.

    Les òg kva ungdom meiner om boka på uprisen.no
    Ekstraoppgåver:

    1. Lag ein boktrailer.

    La elevene lage ein boktrailer der dei presenterer utdraget frå Glimt eller heile boka. Denne video-rettleiinga forklarer på ein enkel og oversiktleg måte korleis ein kan gå fram for å lage ein boktrailer og tek samstundes opp viktige spørsmål om digital opphavsrett m.m. De kan òg sjå på ein av disse boktrailerane, laga for å presentere tidlegare bøker av Tor Arve Røssland:

    2. Skriv ein grøssar om kva du trur er på filmen til Jon, eller lag ein skrekkfilm der du tek utgangspunkt i det som skjer på filmen.

    3. Lag ei teikning av ansiktet Jon oppdagar i kameraet.

    4. Høyr på lydfila som følger med utdraget. Be deretter elevane skrive eller fortelje munnleg om kva dei følte då dei lytta til det?

  • Aktivitet

    1.

    Skriv ein grøssar frå innsida av ungdomshuset. Kva skjer? Kven oppheld seg inne i huset? Kvifor?

    2.

    Tenk deg at filmen til Jon er full av mystiske ting. Skriv ned alt som skjer. Les høgt i klassa.

    3.

    Kva slags triks har forfattaren nytta for å gjere det ekstra skummelt. Lag ei liste. Klarar du å skrive eit filmmanus og lage ein film der skumle ting skjer?

  • Bonus

    Her kan du lese meir om forfattaren.

    Grøssarar «tek skrekkfaktoren gjennom ein dyster og truande atmosfære, eller gjennom makabre og dramatiske hendingar. Grøssarens funksjon er å skremme lesaren.» Du kan lese meir om sjangeren her.

    Vil du skrive grøss? Her finn du ti skrivetips.

  • Boktips

  • Filmtips

    Rom 213: