
OPPGÅVE 1
a) Lesarinnlegg
Det er mykje du kan skrive eit lesarinnlegg om. Kanskje meiner du noko om korleis andre pratar eller skriv? Kanskje ønskjer du at folk skal slutte å banne? Eller du meiner at vi skal bruke mindre engelsk? Kanskje skal dei vaksne slutte å mase om korleis du snakkar?
Eit lesarinnlegg skal overtyde lesaren om at du har rett. Du kan gjere det ved:
- å vise at du har erfaring (du veit kva du snakkar om!)
- å argumentere sakleg eller ved å vise til andre kjelder, statistikk og tal
- eller å få lesaren til å føle at du har rett, ved å skrive for eksempel morosamt eller provoserande
Framtida.no har ei fin side med tips og triks til å skrive lesarinnlegg: https://framtida.no/2020/02/03/slik-skriv-du-debattinnlegg
Ein litt enklare variant finn du hos Aftenposten Junior: https://juniorskole.no/articles/1Og95M/slik-skriver-du-et-leserinnlegg
b) Appell
Ein appell er ein munnleg variant av lesarinnlegg der ein gjerne er mest opptatt av kjenslene til publikum. Du kan gjere opptak av berre lyd eller du kan filme deg sjølv/bruke stilbilete.
Her finst det tips til korleis du lagar ein videoappell: https://ndla.no/r/medie–og-informasjonskunnskap-2/lag-en-videoappell/d6bc2fe49f
Rammer for appell
- Appellen må ikkje vere lengre enn 60 sekund.
- Pass på at filmkvaliteten er god nok, så bileta ikkje vert kornete.
- Snakk tydeleg så det er lett å fange opp kva som vert sagt.
c) Utgreiande saktekst
Det er ikkje sikkert du meiner så mykje. Om du er den meir observerande typen, kan det passe å skrive ein utgreiande saktekst i staden. På den måten kan du gi lesaren god kunnskap om saka frå fleire sider, uten at du som skriv kva du sjølv meiner er rett eller galt.
Kjenneteikn:
- Nøytral og sakleg: Du skal vere som ein nyhendeopplesar eller ein forskar som berre fortel fakta. Unngå formuleringar som eg synst eller mi meining er.
- Fleire sider av saken: Om du skriv om noko folk kan vere uenige om, skal du forklare både fordelar og ulemper.
- Ryddig og tydeleg språk: Skriv konkret og presist. Forklar vanskelege fagord slik at alle kan forstå dei.
- Bruk kjelder: Du må hente fakta frå sikre stader (som Vesle norske leksikon eller lærebøker) og vise kvar du har funne informasjonen.
Slik bygger du opp teksten:
- Overskrift: Skal fortelje kort og tydeleg kva teksten handlar om (til dømes: Kva fortel måten du snakkar på, om deg?).
- Innleiing: Her presenterer du temaet og stiller gjerne eit spørsmål du skal svare på i teksten. Gi lesaren lyst til å lese vidare!
- Hovuddel: Her forklarer du temaet grundig. Del teksten inn i fleire avsnitt, og bruk gjerne mellomtitlar for å gjere det lett å lese. Kvart avsnitt bør handle om ein bestemt ting (for eksempel eit avsnitt om dialekt og eit om slang).
- Avslutting: Oppsummer kort det viktigaste du har funne ut. Svar på spørsmålet du stilte i innleiinga, men ikkje ta med heilt nye fakta her.
OPPGÅVE 2
Dikt
Først må du bestemme deg for kva sport du vil skrive om. Så kan det vere lurt å tenkje igjennom følgjande:
- Kva ønskjer du å fortelje lesaren?
Skildrar du opplevinga di på banen? Eller ei stemning blant publikum? Fortel du ei meining om sporten din? Eller ei historie om ein utøvar?
- Kva verkemiddel passar til diktet?
Vil du bruke rim? Kan du skape rytme med gjentaking? Skal diktet sjå ut som ein ball? Eller kanskje eit mål? Kva samanlikningar eller metaforar vil du bruke? Kanskje du kan skrive diktet til sporten din i staden for til lesaren?
- Korleis kan du skrive diktet slik at det får meir enn ei tolking?
Er det nokon ord som kan ha fleire tydingar? Er det nokon bilete som lesaren kan forstå på fleire måtar? Eller vil du at diktet skal vere konkret og enkelt?
Du kan finne mange ressursar på Skrivesenteret: https://skrivesenteret.no/skriv-poesi/
OPPGÅVE 3
a) Bokmelding
Her finn du ei skriveramme for korleis du kan skrive bokmelding: https://framtidajunior.no/2018/08/09/slik-skriv-du-bokmeldingar/
Treng du inspirasjon til oppdraget? Les bokmeldingar på framtida.no, denboka.no eller på lesedigg.no.
b) Boktrailer
Ønskjer de å lage ein boktrailer? I ein boktrailer skal du gjennom lyd og bilete få sjåaren til å vilje lese den boka du anbefaler.
Det finst fleire måtar å gå fram på, men her kjem nokre tips:
- Lag ein tydeleg plan for boktraileren.
- Tenk på kva slags verkemiddel de vil ta i bruk i traileren. Korleis kan lyd og bilete opptre saman?
- Ver heilt sikre på at de brukar royaltyfrie bilete, filmsnuttar eller lydar i boktraileren.
- Spør læraren dykkar om kva slags redigeringsprogram de får lov til å bruke under arbeidet.
Rammer for boktraileren
- Boktraileren må ikkje vere lengre enn 60 sekund.
- Pass på at filmkvaliteten er god nok, så bileta ikkje vert kornete.
- Om de snakkar i filmen – snakk tydeleg så det er lett å fange opp kva som vert sagt.
Det finst mange eksempel på #booktok.