Bokpakke vår 2026
Her er vårens bokpakke til bok-til-alle biblioteka. Pakken inneheld åtte aktuelle og tilgjengelige bøker me håpar biblioteket får stor glede av.
Her er vårens bokpakke til bok-til-alle biblioteka. Pakken inneheld åtte aktuelle og tilgjengelige bøker me håpar biblioteket får stor glede av.
Bøkene som blir støtta av Stiftelsen LESE er vanlege bøker som lev eit godt liv blant andre bøker. Dei blir lese og likt uavhengig av leseferdighetar. Likevel det noko som er spesielt med dei. Bøkene er jobba ekstra med slik dei som les i motvind kan oppleve at rett bok treff rett lesar. De som jobbar på biblioteket blir vår bru til lesarane. Me veit de er gode på formidling. Bruk dette brevet som inspirasjon.
Bokpakken har eit variert innhald. Frå den parallellspråklege lettlesboka Ryddetid, ei ny bok i følelsesbiblioteket, to spennande ungdomsbøker, ein teikneserie og ei diktbok. Merk: I denne omgangen mottar fengselsbiblioteka to bøker det er: Kan jeg si noe mer? av Serhij Zjadan og teiknserieadaptasjonen Tante Ulrikkes vei av Mikael Noguchi.
Me gler oss til at bøkene er på plass hos dykk. Eg høyrer veldig gjerne frå dykk. Mi linje er alltid open: oddmund@stiftelsenlese.no
Stiftelsen LESE ønsker alle ein god lesehaust!

Kategori: Litt å lese
Målgruppe: Ungdom, unge voksne
Me er tilbake i 2001. Mo og Jamal som veks opp i kvar sin innvandrarfamilie på Stovner i Oslo. Jamal har ein tøff heimesituasjon, med ei mor som ikkje fungerer. Mo lev i ein meir «ordentleg» familie med store krav knytta til studier og prestasjonar.
Romanen Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar er blitt eit sentralt verk i nyare norsk samtidslitteratur. Mikael Noguchis teikneserieadaptasjon gjer den tilgjengeleg for ei ny gruppe lesarar. Til teikneserien er det utvikla ein tydeleg og lesbar font basert på Mikael Noguchi si handskrift.
Les meir om «Tante Ulrikkes vei» i Boksøk
Kven passar boka for:
Tante Ulrikkes vei passar godt for ungdom og unge voksne.
Korleis formidle boka?
Lag ei utstilling med andre teikneseriar. Tenk gjerne både oppover og nedover i alder. Kva med til dømes titlar som Urban legend eller Drabant. Eksperimenter med å finne leseforslag frå Forrigebok.
Her kan du lese meir om boka:
Les ein meir utfyllande artikkel om boka på heimesida til LESE.

Kategori: Litt å lese
Målgruppe: Ungdomstrinnet (kan også passa fint for litt yngre ungdom og unge vaksne.)
Kan Ida redde venninna si?
Då Ida kjem heim frå sommarferien, har besteveninna Pernille endra stil og blitt heilt annleis. Kva har hendt? Ida oppdagar snart at Pernille tener masse pengar på å selge brukte truser på nettet. Pass dine eigne saker er ein medrivande roman. Den har eit stort lesedriv og høgt tempo med korte kapittel og mykje dialog. Boka passar godt for ungdom.
Les meir om «Pass dine eigen saker» i Boksøk.
Kven bør du tipse om boka?
Ungdom, lærarar og foreldre. Denne boka må gjerne helsesjukepleiarar og miljøarbeidarar få vita om.
Korleis formidle boka?
Dette er ei bok som vil høve godt i bokprat saman med andre ungdomsbøker. Utveg av Erling A. Westgaard Flote har nokre av dei same apellfaktorane som Ingelin Røssland.
Her kan du lese meir om boka:

Kategori: Litt å lese, norsk som andrespråk
Målgruppe: Ungdom, unge vaksne og vaksne
Kan jeg si noe mer? er ei lyrisk dagbok som den ukrainske forfattaren Serhij Zjadan byrja på våren 2021 og fullførte sommaren 2023. I februar 2022 gjekk Russland til fullskala angrep på Ukraina. Då opplevde Zjadan at ««poesien stilna» Her ligg også bokas triumf. Zjadan fann tilbake til språket og fullførte boka. Tonen i boka er akutt. Likefullt må ein skunde seg langsamt, for det er mykje å ta inn. Kan jeg si noe mer? er parallellspråkleg med tekst på norsk og ukrainsk. Boka er rikt illustrert med fotografi av Svein Størksen frå Lviv i Ukraina, hausten 2025.
Les meir om Kan jeg si noe mer? i Boksøk
Kven bør du tipse om boka?
Denne boka kan treffe breidt. Tips gjerne ukrainske innbyggjarar i kommunen og lærarar på ungdomsskole og oppover. Dikta kan brukast i undervisning og vil treffe både unge lesarar og elevar vaksenopplæringa.
Korleis formidle boka?
Lag ei utstilling med andre parallellspråklege diktbøker eller ei temautstilling om krig. I forrige bokpakke frå LESE fekk biblioteket Iryna Shuvalovas bok Ingen planer om å bli (ukrainsk/norsk). Andre aktuelle bøker kan vere: Lukta av svart av Ali Hayder (arabisk/norsk), Vuggesang for liten kriger av Selma M. Yonus (arabisk/norsk), La oss si at jeg er av Haile Bizen (tigrinja/norsk) og Bestemors bok av Sadik Qaka (albansk/norsk)
Her kan du lese meir om boka:
Les meir utfyllande om boka og forfattar på heimesida vår

Tospråklig utgåve: persisk/norsk, arabisk/norsk og somali/norsk
Kategori: Litt å lese, norsk som andrespråk
Målgruppe: All-alder, barn og småtrinnet
Endeleg er Ryddetid klar i persisk-norsk utgåve. Ryddetid er ei morosam bok. Den kan brukast som samtalestartar eller til underhaldning. Språket er enkelt, og boka eignar seg godt for barn som lærer å lesa og skriva. Illustrasjonane til Camilla Kuhn er enkle, men svært effektive.
I denne bokpakken får biblioteket også Ryddetid på arabisk-norsk og somali-norsk. Desse utgåvene har vore etterspurde lenge og er no kome i nytt opplag.
Kven bør du tipse om boka?
Kollegaer på biblioteket, barnehagetilsette, skolebibliotekarar, lærarar, vaksenopplæring og lesevenner.
Korleis formidle boka?
Det finst heilt sikkert nokon i kommunen din som beherskar eit av språka Ryddetid er utgitt på. Inviter ein barnehage eller skoleklasse på tospråkleg lesestund der de les saman. Eller lag eit stunt på vaksenopplæring med høgtlesing for medelevar. Det er kraftfullt å bli lese høgt for på eit anna språk.
Utstilling av bøkene
Her er det fantasien som set grenser, men vis fram bøkene. Ta gjerne med andre av Camilla Kuhns bøker, stillebøker og andre bøker som kan passe til formidling for eksempel ei bok frå Følesesbiblioteket.

Kategori: Enkelt innhold, litt å lese
Målgruppe: All-alder
Anna Fiske forklarer det enkelt. Nokon har noko me ikkje har og som me gjerne skulle hatt. Me blir misunnelege. Det kan me alle bli iblant. Her ligg mykje klokskap, varme og forsoning i tekst og bilde. Misunnelse er ei bok som kan lesast mange gongar.
Les meir om «Misunnelse» i Boksøk.
Kven bør du tipse om boka?
Snakk om bøkene i Følelsesbiblioteket til barnehagetilsette og helsesjukepleiarar. Tematikken til Anna Fiske er universell, difor kan bøkene gå langt opp i alder. Dei kan fungere godt til formidling på vaksen-opplæring og heilt sikkert også for ungdom.
Korleis formidle boka?
Bruk boka eller andre frå Følesesbiblioteket i ei formidling du sjølv har. Her er det mykje å undre seg over. Lag ei utstilling med fleire bøker frå serien.
Tips til vidare fordjupning
Les den fine artikkelen Hilde Østby har skrive om bøkene i Følelsesbiblioteket

Kategori: Litt å lese
Målgruppe: Mellomtrinn, ungdom
Maja syns ikkje det er lett å be om orsaking, så i staden ber ho Ilias om hjelp med å bere ein tung sekk til koia. Det fører dei inn i eit stort drama. Nattsol er skriven i korte kapittel og byter på å ha synsvinkel hos karakterane. Dette grepet gir ekstra spenning og tempo i teksten.
Les meir om «Nattsol» i Boksøk
Kven bør du tipse om boka?
Primærmålgruppe er unge lesarar som likar drama og spenning. Boka kan lesast frå mellomtrinnet og langt opp på ungdomstrinnet. Nattsol er også fin for lærarar og foreldre å vite om fordi den er skrive på eit godt og enkelt nynorsk.
Korleis formidle boka?
Ta boka med i bokprat, eller skriv di eiga korte bokbeskrivelse og fest på boka.