Keeper´n til Tunisia
-
Aktivitetar
1.
Tenk deg at du er Arnfinn. Du går på fotballgymnas der du gjer det veldig bra og det er forventa at du skal bli den store fotballproffen frå Furdal. Skriv ei novelle om presset, forventningane og draumen om å bli fotballproff.
2.
Har du nokon gong hatt lyst på noko så intenst som Jo har lyst på fotballkortet med keeperen til Tunisia? Eller vore sjalu på nokon som fekk noko du hadde lyst på? Skriv ei forteljing om kvifor du hadde så lyst på dette og kva som skjedde.
3.
Kva er ditt favorittlag i fotball? Kvifor likar du akkurat dette laget? Kor kjem laget frå? Kva heitar kapteinen? Trenaren? Favorittspelaren? Fortel dei andre i klassa om laget ditt.
-
Bonus
Om forfattaren:
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn og unge, og debuterte med ungdomsromanen Keeper´n til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper’n til Liverpool (2010) er basert på denne boka (sjå trailer lenger ned). Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikter i dei tre store verdsreligionane – jødedom, kristendom, islam – er sentrale. Romanen blei tildelt Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 og vann Uprisen i 2010. Boka blei dessutan nominert til Brageprisen. (Frå Samlaget)Lars Mæhle si heimeside.
Mæhle har skrive boka Bouvetøya 2052. Her kan du sjå kva elevar på ungdomsskulen meiner om den.
Fakta om:
Tunisia
Liverpool
Liverpools supportarklubb i Noreg
Liverpool Football Club -
Boktips
Hanni av Oskar Stein Bjørlykka.
I Alt om-serien til Gyldendal kan du finne nokon enkle faktabøker om forskjellege fotballspelarar og andre idrettsutøvarar.
I Fortelling om-serien til Kagge kan du også finne bøker om fotballspelarar og andre idrettsutøvarar.
Tidlegare fotballspelar Arild Stavrum har skrevet historia om Maradonas magi. Sjekk ut her.
-
Filmtips
Keeper´n til Liverpool