Engel i snøen
-
A. FØR:
Kva slags forventningar har de til ein tekst som har sorg som tema?
Kjenner de til andre bøker som handlar om dette tema?
Korleis har ein det når ein opplev sorg?
Kva slags hendingar og situasjonar kan utløyse ein følelse av sorg?
Må det vere knyta til døden eller kan det vere andre situasjonar der det kan oppstå sorg?
Kva meiner de ein kan gjere for å bli kvitt sorga, eller for å leve med ho?
Korleis forstår de tittelen på boka, Engel i snøen?
Kva synest de om framsida?
Kva slags samanheng ser de mellom framsida, tema og ingress?
Kva trur de teksten handlar om?Kva trur de at de kjem til å like og mislike?
B. UNDERVEGS:
Individuelt arbeid.
Be elevane notere tankar og spørsmål til teksten medan dei les, ev. med utgangspunkt i følgjande:
– inntrykk av eg-forteljaren
– noko som gjer inntrykk på dei
C. ETTER:
Kva slags inntrykk får de av eg-forteljaren?
Kva slags sjukdom trur de hovudpersonen har?
Korleis taklar eg-forteljaren sjukdommen?
Korleis reagerer faren?
Kva ville de gjort om de hadde vore i ein liknande situasjon?
Eg-forteljaren snakkar lite om eiga sjukdom og er meir oppteken av korleis det andre barna har det. Kvifor trur du det er slik?
Kan det vere for å ikkje tenkje på eiga sjukdom?
Synest de det ein styrke eller svakheit ikkje å prate om sjukdommen sin?
Silje, jenta som eg-forteljaren blir kjent med på sjukehuset, speler «Here Comes The Sun» av The Beatles på piano.
Kva trur de ein slik song kan bety i denne samanhengen?
Kvifor trur de at dei vaksne græt?
Har de døme på andre songar som kunne passa?
Kva slags musikk liker du å høyre på når du er trist?
Kva tenkjer de om språket i denne teksten?
Er den lett å lese, lett å forstå?
Kva ligg mellom linjene i teksten, trur de?
Tenker de at ein snakkar på ein anna måte når ein er sjuk, er på eit sjukehus rundt mange andre sjuke osb.Korleis trur de at de hadde reagert om de hadde blitt sjuk slik som eg-forteljaren?
I kva slags grad kjenner de dykk igjen i teksten?
Likar de teksten? Kvifor/kvifor ikkje?
Vurdering av utdraget
Hva synes dere om utdraget? Snakk sammen hele klassen, noter ned meninger og bli enige om en felles vurdering.
-
1.
Kva slags følelsar kan ein ha når ein er i sorg? Skriv ned eller snakk saman to og to.
2.
Kva er den finaste songen du veit om? Fortel om den til andre i klassa, lytt til den saman. Kan du sjølv skrive ein sang?
3.
Kva slags sykdom har hovedpersonen? Er det ein gut eller jente? Snakk saman i klassa.
-
Les meir om forfattar Anders Totland her.
Les bokmelding av Engel i snøen på Barnebokkritikk.no.
Les kva ungdom meiner om boka på Uprisen.no.
Her kan du lese artiklar om sorg.
-
Om noko skulle skje av Ragnar Hovland.
Stavanger stories av Terje Torkildsen.
Så lenge himmelen er over jorda av Levi Henriksen.
Hvem er jeg når du blir borte? av Kathrine Nedrejord.
Faen ta skjebnen av John Green.
Jeg, Earl og jenta som dør av Jesse Andrews.Det finns og fleire sakprosabøker om sorg. Her er nokon tips:
Sorg av Kristian Fjellanger.
Og hver morgen våkner jeg av Marita Hansen.
Mysteriet mamma av Trude Lorentzen.
Ung sorg av Birgitte Gjestvang (red.) -
The Fault In Our Stars (Faen ta skjebnen)
Me and Earl and the Dying Girl