Skammarens dotter
-
Aktivitetar
1.
Lag ei teikning av ein drake. Last ned og skriv ut. Gje draken eit namn og fargelegg han slik du vil.
2.
Sjå for deg at du er ute i skogen, og plutseleg møter du ein drake. Skriv ned kva som skjer og korleis du reagerer. Presenter svaret ditt for dei andre i klassa/fortell historia di til ein annan elev.
3.
Gruppearbeid. Lag eit rollespel basert på utdraget i teksten. Gå saman, lag kostyme og framfør rollespelet for dei andre i klassa. Eller kanskje for foreldra?
-
Bonus
Om forfattaren:
Lene Kaaberbøl (f. 1960) starta karriera si som forfattar i ein alder av 15 år. Sidan den gong har ho skrive ei rekkje bøker, og ho er i dag forfattar på heiltid. Kaaberbøl har tidlegare skrive serien om Skammarens barn, og ho har blant anna motteke Disney-prisen for W.I.T.C.H-serien.Forfattaren si Facebookside.
Meir om drakar her.
Les ein artikkel om ti ting du ikkje visste om drakar.
-
Boktips
Fleire bøker av Lene Kaaberbøl:
Skammarens dotter er første bok i Skammarserien, dei andre er: Skammarteiknet, Slangens gåve og Skammarkrigen.
Her finn du ei liste over bøkene i serien. Sjekk og ut Skuggeporten (2007) og serien Villheks. -
Filmtips
Skammarens dotter blei til film i 2015. Under kan du sjå trailaren til filmen.