Apetryne
-
FØR:
– Kva trur dokker ei bok som heiter Apetryne, kan handle om?
Vis elevane omslaget til boka, og snakk saman om dei detaljane dokker ser.
– Kva er det framsida viser?Les gjerne ingressen høgt saman med elevane.
UNDERVEGS:
Be elevane notere eit par stikkord om høvesvis Arne, Simon og Anna under lesinga.
ETTER:
1. Diskusjon
Klassesamtale.Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Korleis er Arne, og korleis trur dokker han har det i kvardagen?
– Kvifor vel Arne å herme etter apekattane?
– Korleis endrar situasjonen seg når jentene kjem?
– Kvifor trur dokker Simon endrar veremåte og seier stygge ting til Arne?
– Er dokker einige i at det er mobbing? Kvifor/kvifor ikkje?
– Kva inntrykk får dokker av Anna?Ivar har filma med mobilen, og lovar å ikkje sende opptaket vidare til nokon.
– Korleis trur dokker det går?
– Korleis trur dokker at dokker hadde reagert om nokon delte eit mobilopptak dokker ikkje sjølv var fornøgd med?– Kvifor trur dokker boka heiter Apetryne?
– Er det noko i utdraget som gjer særleg inntrykk på dokker? -
1.
Anna er på sommarferie. Skriv ei historie om Anna. Kor kjem ho ifrå? Kva slags skule går ho på? Kva likar ho å gjere på fritida? Kvifor er ho her på sommarferie?
2.
Kva trur du skjer vidare i boka? Skriv minst ei side om kva du trur. Les boka etterpå og sjå om det stemmer eller ikkje.
3.
Kva veit de om mobbing? Korleis kan ein stoppe det? Gå saman i grupper og lag eit foredrag/rollespel. Framfør for klassa.
-
Sjå forfattarens heimeside her.
Les intervju med forfattaren her.
Sjå andre bøker av forfattaren her.
«Boka gjorde meg avhengig», skriv 11 år gamle Gregor Notøy om Apetryne på Framtida jr. Les bokmeldinga her.
Det finst mange stader ein kan få hjelp dersom ein blir eller veit om nokon som blir mobba. Les meir på Ung info.
-
Flukt av Atle Hansen.
Skriv i sanden av Marjun Kjelnæs.
The rise and fall of Gøran Trovåg av Gaute M. Sortland.
Ryktet av Ingeborg Arvola.
Hevneren av Ingelinn Røssland.
Kampen mot superbitchene av Audhild Solberg.
Lars er LOL av Iben Akerlie.
De4: Anonym av Vera Voss. -
Her kan du sjå ein informasjonsfilm om mobbing.
Keeper’n til Liverpool: