Jojo
-
1. Aksebrot og perspektiv
a. Lysbiletepresentasjon
Denne presentasjonen gir elevane ei enkel innføring i aksebrot, biletutsnitt, ulike perspektiv og andre nyttige emne. Dersom elevane sjølve skal lage ein teikneserie, kan det vere nyttig å vite at ein kan variere utsnittet med ulike perspektiv. Kunnskap om dette kan også gje dei reiskapar til å analysere bileta i ein teikneserie og kva serieskaparen ønskjer å få fram.
Presentasjon verkemiddel (PDF)
Du kan også laste ned presentasjonen som eit teikneseriehefte i pdf:
https://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/rundetips.html
b. Oppgåve
I denne oppgåva får elevane jobbe med tre sider frå utdraget om Jojo i Tid for ti. Det er oppgåver om perspektiv, biletutsnitt, aksebrot og lyssetjing.
Skriv ut arket og del det ut til elevane. Elevane jobbar med arket og svarer på oppgåvene.
2. Lydhermingsord
I teikneseriar finn ein ofte lydhermingsord som gir lyd til dei ulike situasjonane. Til dømes «kræsj!» «bang!», «glitre» og «poff!».
– La elevane bla seg gjennom utdraget frå Jojo, og be dei skrive ned alle lydhermingsorda.
– La elevane leite etter lydhermingsord som er skrivne med ein annan skrifttype. La dei diskutere kva dette gjer med opplevinga av lyden
– På kva måte får lesaren ekstra informasjon gjennom lydhermingsorda?
– Be elevane velje eit lydhermingsord som illustrerer lyden godt.3. Lesaren veit meir
I ein teikneserie får ofte lesaren vite meir enn personane i serien veit. Dette kan vi kalle lesarinformasjon.
– Be elevane finne ut på kva for nokre bilete i serien side 47–49 det er slik at vi som lesarar får vite meir enn Jojo veit.
– La elevane diskutere kva dette gjer med spenninga i teksten.Meir om nynorske teikneseriar:
Nynorsksenteret har laga fleire ressursar som kan vere nyttige dersom elevane skal lære å lage sin eigen teikneserie:
https://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/lag_seriar.html
Her kan du lese bakgrunnsstoff om teikneserien som medium og teikneserien som samansett tekst. Her er også tips til opplegg og undervisningsressursar.:
-
1.
Lag ei teikning som beskriv ein dag i livet ditt.
2.
Mora til Jojo er ein superhelt. Lag ei teikning av superhelten din.
3.
Skriv ei bokmelding av utdraga. Kva likar du? Kva likar du ikkje? Korleis synest du forfattaren kombinerer tekst og bilete? Veit du om andre teikneseriar som liknar på Jojo? Kva slags terningkast vil du gi utdraget?
-
På Nynorsksenteret si heimeside kan du lese meir om teikneseriar
Bobler frå djupet er ein antologi med seks norske teikneseriar
Kva er ein teikneserie? Les meir her
Under finn du nokre forlag som spesialiserer seg på å utgi teikneseriar og biletbøker:
Manga er det japanske ordet for teikneseriar. Les meir her
-
Bestem deg, Tony T, bestem deg! av Erna Osland og Sigbjørn Lilleeng
Rekrutten av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton. Oversatt av Øystein Rosse
Skalla av Randi Fuglehaug. Illustrert av Nora Brech
10 ville ekspedisjonar av Pia Strømstad. Illustrert av Trond Bredesen
Mørkt av Gyrid Axe Øvsteng. Illustrert av Per Ragnar Møkleby
-
The Mansions of the Gods:
Valhalla:
Det var et gang et menneske:
The Incredibles 2:
The Lion King:
Min nabo Totoro: