Snillionen
-
Aktivitetar
1.
Du har sjølv vunne 24 millionar i lotto. Lag ei liste over kva du vil bruke pengane på. Heng listene opp i klasserommet.
2.
Mora til Frank vil gje ein million til nokon som gjer noko snilt. Kva meiner du er å vere snill? Diskutér i klassa og lag ei liste over ti snille ting.
3.
I utdraget skriv forfattaren om kva det å vere snill betyr på dei ulike klassetrinna. Er du einig i dei tinga forfattaren nemner? Klarar du å fylle inn minst tre ting til på dei ulike trinna? Kva med 8., 9. og 10. trinn, kva er å vere snill der? Snakk saman eller skriv ned.
-
Bonus
Les melding av boka på NRK her
Sjå intervju med forfattaren på Framtida junior her
Norsk Tipping har sidan 1990-talet laga reklamefilmar om lotto.
Lotteritilsynet blei oppretta 1. januar 2001 og er eit tilsynsorgan for forvaltning og kontroll av private lotteri og statlege spel. Les meir her
Høyrt om lottovinnarane som brukte opp alle pengane? Her kan du lese om 21 av dei (på engelsk)
-
Boktips
-
Filmtips
Filmen Lottomillionærene (Waking Ned Devine på engelsk) er ein gammal klassikar og har nokon likheiter med Snillionen. I kor godt humør er vinnaren i denne bygda over å bli millionær? Det vil Jackie og Michael finne ut av.