Skogen den grøne
-
Undervisningsopplegg
FØR:
Skogen den grøne er ei diktsamling. Dikta kan også lesast som ei samanhengande forteljing.
– Kva slags forventningar har de til dikt?
– Ser eller høyrest diktsjangeren ut på ein særskild måte?
– Er diktsjangeren noko anna enn til dømes ein teikneserie, ei faktabok eller ein grøssar?Sjå på framsida av boka.
– Kva legg de merke til?
– Kva slags kjensle vil de seie at biletet uttrykker?
– Kva tenkjer de om tittelen?
– Kva slags samanheng er det mellom biletet og tittelen?UNDERVEGS:
Del klassen inn i grupper som fordeler dei åtte dikta.
Be elevane om å lese dikta dei har fått, i gruppa tre gonger. Her er det viktig å vere konsentrerte og ikkje forstyrre dei andre gruppene.
Be dei dessutan om å gjere følgande for kvar gjennomlesing:– Kva legg de merke til medan de les?
– Kor godt tykkjer de at de forstår diktet? Gjerne på ein skala frå 1 til 10.Når kvart dikt er lese tre gonger, noterer de utviklinga i forståing av kvart dikt.
– Har de spørsmål til dikta? Skriv dei ned.Dikt er små forteljingar med få ord, som likevel fortel mykje.
– Kva er det dikta gjer med oss?ETTER:
1. Førebels klassesamtale:
– Kva vart de merksame på?
– Kva synest de var lett å forstå? Kva var meir vanskeleg?
– Kva overraska dykk?
– Kva spørsmål sit de att med til kvart av dikta?2. Fordjuping i fire dikt
Læraren les dei i plenum:
«Inn i skogen», «Haust», «Årstidene» og «Flaggermus».
– Kva tenkjer de om tittelen til desse fire dikta?
– Korleis vil de beskrive kva dikta handlar om?
– Kven er hovudkarakteren i dikta?Til slutt kan de ta stilling til kva de meiner om dikta:
– Liker de dikta? Kvifor/kvifor ikkje? -
Aktivitetar
1.
Gå ein skogstur. Ver i noet. Bruk sansane. Lukt på mose, smak på bær/kløver, kjenn på borken på trea. Pust. Prøv å setje di eiga oppleving av å vere i skogen i fokus, samstundes som du er ein del av ei gruppe/klasse. Lag turen i skogen til noko som er godt for deg og dei du har rundt deg.
2.
Skriv eit moderne haikudikt om opplevinga. Eit haikudikt er delt i tre linjer med 5 + 7 + 5 stavingar. Haikudikta er haldne i notid, dei skal vise til ei årstid, og det skal gjerne skje ei rørsle i diktet.
Mosen kitlar meg
Grøn, gråsprengd, stiv og gammal
Frisk og klok du erDersom det ikkje er mogleg å organisere ein skogstur, kan de hente inspirasjon til diktet frå noko anna, til dømes eit fjernsynsprogram om skogen her
3.
Lag eit skogbilete i storleik A4 med mørk grøn eller brun bakgrunn og lysare skogfargar på målinga. La deg inspirere av uttrykket i framsideillustrasjonen til Mari Kanstad Johnsen. Lim haikudiktet ditt inn i biletet. Gjer deg flid. Ram inn med farga papp i storleik A3, og heng opp i ei klasseromsutstilling.
-
Bonus
Forfattaren har skrive fleire bøker for både barn og vaksne. Les meir her
Kva er eit dikt? Les meir her
NRK kåra dei 100 beste norske dikta
Diktet «Det er den draumen» av Olav H. Hauge blei kåra til Noregs beste dikt
Kven var Olav H. Hauge? Les meir om diktaren her
Sølvberget i Stavanger har ei fin liste med tips til diktbøker for barn og ungdom
Her kan du høyre Trygve Skaug lese frå diktsamlinga si, Følg med nå: