Hopp til innhold

Blå flaggermus

Blå flaggermus, Harald Nortun, Samlaget 2019
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    Sjå på bokomslag, tittel og sjangerlogo og snakk om forventningar til utdraget.

    Samtalen kan konkretiserast med utgangspunkt i spørsmål som:

    – Kva legg dokker merke til på framsida av boka?
    – Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
    – Kva tenker dokker når dokker høyrer tittelen Blå flaggermus?
    – Kva trur dokker at ei bok med denne tittelen handlar om?

    Sjangeren er drama.
    – Kva veit dokker om denne sjangeren?
    – Kva slags drama-bøker har dokker lese?
    – Kva slags forventingar har dokker til ei bok i denne sjangeren?

    UNDERVEGS:

    Set strek i margen når du les …

    – noko som overraskar deg
    – noko som gjer inntrykk på deg
    – noko du lurar på

    ETTER:

    1. Snakk kort om teksten i heil klasse

    Klassesamtale.

    Gje elevane moglegheita til å ta opp ting dei lurte på mens dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten

    2. «Stille lesesirkel»

    Gruppearbeid.

    Elevane går i grupper på 3–4 elevar som skal samarbeide om å lage ein «stille» lesesirkel, dvs. ein lesesirkel der dei ikkje får lov til å snakke, men berre skrive til kvarandre.

    Kvar elev treng eit ark, noterer namnet sitt øvst i venstre marg og kan òg skrive «Hei» øvst på sida, ev. følgt av namn på gruppemedlemmane for å understreke det autentiske elementet. Elevane får no 1–2 minutt til å skrive om leseopplevinga si. Dei kan skrive tankar, kjensler, spørsmål eller andre reaksjonar på teksten dei har lese – heilt utan å snakke. Dei bør skrive med leseleg skrift og bruke så mykje av tida som mogleg til å skrive.

    Når tida er ute, skal alle elevane sende teksten sin mot venstre, til den eleven som sit der. Elevane les arket dei har fått, skriv namnet sitt i venstre marg og får deretter 1–2 minutt til å reagere på teksten til naboen: Dei kan skrive ein kommentar til teksten, fortsette tankerekkja, skrive om dei er einige eller ueinige, stille spørsmål eller ev. sette i gang ei ny tankerekkje.

    Etter tre rundar kjem arket att til eleven som starta å skrive på det. Vedkommande les tekstane og set strek under ei setning på arket – den setninga som eleven synest er mest interessant og som han/ho har lyst til å diskutere vidare i gruppa.

    Deretter får elevane endeleg lov til å snakke. Be dei om å begynne med ei av dei utvalde setningane og la dei elles få snakke fritt om utdraget i nokre minutt.

     

    3. Samtale i heil klasse

    Klassesamtale.

    Kvar gruppe kan no få seie litt om kva dei diskuterte i gruppa og i kva grad dei likte å jobbe med «stille» lesesirkel. Syt for at så mange som mogleg kjem til orde i samtalen.

    Følg gjerne opp samtalepunkta ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

    Viss ønskeleg kan òg eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

    – Kva slags inntrykk får dokker av Tomas?
    – Kva synest dokker om eg-forteljaren, Sander?
    – Kva trur dokker dei to ungdommane skal gjere med hønene?
    – Kva trur dokker eit «skadometer» er for noko? Korleis ser det ut?
    – Kva synest dokker om leiken?
    – Når synest dokker ev. at dei to ungdommane går for langt?
    – Kva slags inntrykk får dokker av Malin?
    – Kvifor trur dokker at Malin kallar Sander for «nevøen min»?
    – Kvifor trur dokker at Sander siterer Bibelen når han reiser seg?
    – Kva trur dokker kjem til å skje vidare?
    – Trur dokker at Sander og Tomas blir avslørte?

     

    Ekstraoppgåve:

    Planlegg ein praktisk spøk og skriv han ned (maks ei side).
    Kva er planen din?
    Kva trengst for å gjennomføre planen?
    Kva slags reaksjon trur du at du vil få?
    Til slutt kan du gjennomføre planen – viss det passar – og avslutte med å skrive eit par linjer om korleis det gjekk.

  • Aktivitetar

    1.

    Sander og Thomas skal dra ein spøk som går for langt. Har du sjølv gjort det nokon gong? Snakk saman i klassa.

    2.

    Kva er den beste spøken du veit om? Skriv ned og presenter for klassa.

    3.

    Skriv ei scene frå utdraget der det er Thomas som fortel kva han ser frå skjulestaden sin.

  • Bonus

  • Boktips

    Klure av Atle Hansen
    Apetryne av Atle Hansen
    Kampen om superbitchene (bokmål) av A. Audhild Solberg
    Pym-serien (bokmål) av Heidi Linde