Hopp til innhold

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius

Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius, Alfred Fidjestøl, Samlaget 2019
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    Klassesamtale.

    Sjå på bokomslaget og tittel.
    – Kva ser dokker på framsida av boka?
    – Kva for tankar får dokker når dokker ser på biletet?
    – Kva slags inntrykk får dokker av sjimpansen på biletet?
    – Korleis trur dokker han har det?

    – Har dokker høyrt om sjimpansen Julius?
    – Kva veit dokker om han?

    Som ein bror er ein biografi om sjimpansen Julius.
    – Veit dokker kva ein biografi er for noko? Og kva slags biografiar veit dokker om?
    Ta ein rask gjennomgang i klassa og skriv ned det dokker kjem fram til.
    – Er det reglar for kven og kva ein kan skrive biografi om?
    – Kvifor trur dokker at Julius har fått ein eigen biografi?

    – Kvifor trur dokker at mora til Julius ikkje ville ha han?
    – Synest dokker synd på Julius?
    – Kvifor trur dokker at Julius vil rømme ifrå sjimpanseanlegget i Dyreparken?
    – Kvifor trur dokker det er farleg for Julius og menneska at han rømmer?

    Viss du som lærar vurderer at utdraget kan bli ei utfordring for elevane dine, kan det vere ein god idé å dramatisere delar av teksten for elevane. For elevar som har nynorsk som sidemål kan dokker dessutan førebu lesinga gjennom å snakke om eitt eller fleire av følgjande ord: vassgrava (s. 26), sprinklane (s. 26), annleis (s. 26), nærast (s. 26), gøyme (s. 27), gløymde (s. 27), byrja (s. 27), straum (s. 27), stades (s. 27), framleis (s. 28), symje (s.28), walkietalkie (s.29), det opne kontorlandskapet (s. 30), søppelkøyrarane (s. 31), trugsmål (s. 31), vindauget (s. 34) og leiinga (s. 35).

     

    UNDERVEGS:

    Be elevane notera stikkord til teksten.
    Det kan til dømes vere stikkord til:
    – noko som er vanskeleg å forstå
    – noko som er godt skrive
    – korleis forteljaren får fram kva Julius tenker

     

    ETTER:

    Samtale om teksten i heil klasse
    Klassesamtale.

    Snakk først om ting dokker lurte på medan dokker las, slik at alle har ei førebels forståing av innhaldet i teksten.

    Deretter kan dokker gjennomføre ein litterær samtale.
    For å få til litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane, er det ofte ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga deira.
    Begynn derfor gjerne med spørsmål som «Kva handla dette om?» eller «kva skjedde her?», og la samtalen utvikle seg gjennom å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane. Då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.

    I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande meir spesifikke spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

    – Kva tenkjer dokker om at Julius måtte bu hos vanlege menneske?
    – Synest dokker det er strengt at Julius ikkje lenger får vere saman med dei to menneskefamiliane?
    – Kva synest dokker om Champis?
    – Kvifor trur dokker Julius rømmer?
    – Korleis får forteljaren fram kva Julius tenker?
    – Korleis klarar Julius å komme seg ut av anlegget?
    – Kva skjer når han rømmer? Korleis reagerer folk i dyreparken?
    – Kvifor trur dokker at det berre er Julius som klarer å rømme?
    – Kvifor trur dokker vi får høyre om tre rømmingsforsøk?
    – Er dokker einige i at Dyreparken måtte gjere noko?
    – Kva trur dokker dei kjem til å gjere?
    – Kva trur dokker Julius vil?
    – Kva ville dokker gjort?

    – Synest dokker at dokker veit meir om Julius no, etter å ha lese utdraget?
    – Kva synest dokker om å lese ein biografi om ein sjimpanse?
    – Kva hadde dokker skrive om dersom dokker skulle skrive ein biografi?

  • Aktivitetar

    1.

    Kva kan du finne ut om Julius? Kor gammal er han? Korleis hamna han hos ein menneskefamilie? Er det andre fakta du meiner er viktig å nemne?

    2.

    På NRK kan du sjå serien om Julius, som gjekk på tv på 1980-talet. Sjå nokre episodar saman i klassa og diskuter korleis det må ha vore for Julius og menneska å leve saman.
    Sjå serien her

    3.

    Gå saman i grupper. Finn ti fakta om sjimpansar. Les dei opp høgt i klassa.

  • Bonus

    Les meir om forfattaren her

    Les meir om boka her

    Les meir om Julius her

    Les meir om Dyreparken i Kristiansand her

    Her kan du sjå ein film om Julius:

    Har du høyrt Julius-songen?

    Kva veit du om sjimpansar? Les meir her

  • Boktips

    Fortellingen om-serien hos Kagge forlag

    Historien om-serien hos Spartacus

    Jenta i veggen av Lena Lindahl