Hopp til innhold

1000 dagar

1000 dagar, Inger Johanne Sæterbakk, Aschehoug 2018
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    1. Påstandsark

    Individuelt arbeid.

    Del ut ark med påstandar til diskusjon.

    Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor.

    Påstandar:

    – Alle endrar seg når dei begynner på ungdomsskulen
    – Gode vener merkar alltid når det er noko som plagar bestisen
    – Katter som parar seg, er eit ikkje-tema
    – Ein burde lære meir i skulen om korleis ein er vener
    – Å vere glad i nokon er noko anna enn å vere forelska i nokon
    – Kjærastar må gjere ekle ting i lag
    – Vener treng iblant ein pause frå kvarandre
    – Ein treng berre ein besteven

    Etter det individuelle arbeidet kan elevane eventuelt få diskutere meininga i små grupper på fire elevar for å førebu klassesamtalen i punktet under.

    2. Påstandar i heil klasse

    Klassesamtale.

    Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

    UNDERVEGS:

    – Finn og marker dei stadane i utdraget der påstandane dukkar opp.
    Legg òg merke til om det blir gjeve ei grunngjeving i teksten.

    – Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

    ETTER:

    1. Samtale om påstandar etter lesing

    Klassesamtale.

    Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining.
    Be elevane dele tankane sine.

    – Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

    2. Samtale om utdraget

    Klassesamtale.

    Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

    Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

    Begynn gjerne med spørsmål som:

    – Kva handla dette om? eller
    – Kva skjedde her?

    Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

    Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

    I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

    – Kvifor kan ikkje Johanna og Georg vere venar?
    – Kvifor trur de at Johanna er så oppteken av kva Sarah meiner?
    – Er det klokt å endre seg når ein begynner på ungdomsskulen? Kvifor/kvifor ikkje?
    – Kva trur de Johanna eigentleg synest om Georg? Grunngje svaret.
    – Kvifor trur de det er så vanskeleg for Johanna å seie ifrå?
    – Kva meiner Georg om Johanna?
    – Kva hadde de gjort om de hadde vore i same situasjon?
    – Kva slags andre løysingar ser de for dykk?
    – Korleis trur de dei skal klare å gå i same klasse utan å vere vener?
    – Kva trur de skjer vidare i forteljinga?

    Ekstraoppgåver:

    1. Skriv scenen slik Georg opplever ho

    2. Skriv ei bokmelding.
    Boka har fått fleire meldingar på Uprisen av elevar i ungdomsskulen.
    Les nokre meldingar her.

    Les deretter boka og skriv di eiga bokmelding.
    Du finn tips til korleis skrive meldinga på uprisen.no

  • Aktivitetar

    1.

    Skriv scena i utdraget slik Georg ser ho. Kva tenkjer han på? Kva gjer han? Korleis oppfører Johanna seg, sett frå Georgs synspunkt?

    2.

    Lag ei liste med stikkord om kvifor det er viktig å ha ein besteven. Har du ein besteven? Kven er det? Kvifor er det bestevenen din?

    3.

    Skriv ei side om korleis du trur det vil bli å starte på ungdomsskulen.

  • Bonus

  • Boktips

    Keeperen og havet av Maria Parr

    Dumme, dumme hjarte av Linda Klakken

    Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund

    Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin. Omsett av Brit Bildøen

    Hjarteklapp av Hilde K. Kvalvaag