Hopp til innhold

Floke

Floke, Ida Eva Neverdahl, Samlaget 202, Illustratør: Ida Eva Neverdahl
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    Tittelen på historia er Floke – ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd!
    – Kva trur de ei historie med den tittelen kan handle om?
    – Kva stemning trur de at det er i historia?
    – Kva adjektiv kan uttrykke det du ser på framsidebiletet av boka?

    Boka er i sjangeren teikneserieroman. Dette er første boka i ein serie.
    – Kva veit de om denne sjangeren?

     

    UNDERVEGS:

    La elevane notere stikkord til følgende spørsmål medan dei les:

    – Korleis vil de beskrive Floke?
    – Korleis vil de beskrive vikingtida, slik ho er i denne boka?

     

    ETTER:

    1. Samtale i heil klasse
    Snakk om teikneserien i klasserommet:
    – Kva i utdraget kjenneteiknar vikingverda?
    – Korleis vil de beskrive illustrasjonane?
    – Kva overraska deg i teksten?

    2. Vurdering
    Snakk om teikneserien i grupper på 3–4 elevar.
    – Liker de denne teikneserien?
    – Kvifor/kvifor ikkje?
    Diskuter teikneserieromanen i heile klassen og kom fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.

    Oppgåver:
    1. Les om vikingtida på snl.no. Er framstillinga slik de har tenkt? Kvifor, kvifor ikkje? På kva område kan vi vere kritiske til korleis vikingtida blir framstilt i dag? Er det framleis meir å forske i?
    2. Lag ein teikneserie på tre ruter inspirert av Floke.

  • Aktivitetar

    1.

    Diskuter i klassen: Kva sjanger er boka Floke?

    2.

    Finn fem adjektiv som beskriv Floke, og fem adjektiv som beskriv vikingverda.

    3.

    I gruppe: Kva lokalhistorie kan de finne om vikingtida i dykkar nærmiljø?

  • Bonus

    Les meir om forfattaren her

    Floke begynte som ein teikneserie i Norsk Barneblad. Les meir om Norsk Barneblad her

    På Nynorsksenteret si heimeside kan du lese meir om teikneseriar

    …og på framtidajunior.no

     

    Kva er ein teikneserie? Les meir her

    Empirix er eit teikneserietidsskrift som blei starta i 2014. Les meir her

  • Boktips