Hopp til innhold

Spådama i 7B

Spådama i 7B, Harald Nortun, Samlaget 2020
  • Undervisningsopplegg

    FØR:

    1. Påstandsark

    Individuelt arbeid.

    Del ut ark med påstandar til diskusjon.

    Elevane skal no lese setningane, krysse av om dei er einige eller ueinige og førebu seg på å forklare kvifor.

    Påstandar:

    – Spådommar er berre lureri
    – Ein bør tore å vise at ein er lei seg
    – Det beste med å flytte er at ein får ein ny sjanse
    – Nokon blir rike av å lure andre
    – Djupe stemmer blir oppfatta som meir truverdige
    – Nokre klasser er «mobbeklasser»
    – Som ny må ein gjere det som trengst for å gli inn
    – Basket i gymmen er noko spesielt.
    – Ein må gripe dei sjansane ein får

    Etter det individuelle arbeidet kan elevane eventuelt få diskutere meininga i små grupper på fire elevar for å førebu klassesamtalen i punktet under.

    2. Påstandar i heil klasse

    Klassesamtale.

    Som førebuing til lesinga kan de diskutere påstandane i heil klasse, der elevane grunngjev synspunkta sine.

    UNDERVEGS:

    – Finn og marker dei stadane i utdraget der påstandane dukkar opp.
    Legg òg merke til om det blir gjeve ei grunngjeving i teksten.

    – Noter spørsmål til teksten dersom det er noko de lurer på.

    ETTER:

    1. Samtale om påstandar etter lesing

    Klassesamtale.

    Gå igjennom påstandane på nytt og spør elevane om det er nokon som har endra meining.
    Be elevane dele tankane sine.

    – Kvifor har dei endra meining – eller kvifor ikkje?

    2. Samtale om utdraget

    Klassesamtale.

    Snakk deretter om utdraget og la elevane dele tankane sine.

    Vi tilrår at litterære samtalar tar utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Opne og autentiske spørsmål – spørsmål der svaret ikkje er gjeve på førehand – gjer det lettare for dei å relatere litteraturen til eigen kvardag og eige liv og dermed også å engasjere seg i litteraturen.

    Begynn gjerne med spørsmål som:

    – Kva handla dette om? eller
    – Kva skjedde her?

    Dersom elevsvara blir følgde opp på ein oppmerksam og konstruktiv måte, opplever elevane at lesaropplevingane deira blir høyrde og tekne på alvor. Det kan til dømes skje ved å la samtalen bygge vidare på elevane sine svar når eit nytt spørsmål blir formulert (såkalla opptak og høg verdsetting).

    Når elevane har fått høve til å formulere og diskutere leseopplevingane sine, oppmodar vi deg til å bruke teksten til å stille spørsmål som du veit vil engasjere.

    I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:

    – Kva tenkjer de om å bytte skule?
    – Korleis vil de beskrive følelsen av å vere ny på skulen?
    – Kva slags fordelar og ulemper ved flytting blir nemnde i teksten? Kjem de på fleire?
    – Kva slags inntrykk får de av Nina?
    – Kva synest de om måten ho blir tatt imot på?
    – Kva slags bakgrunn har ho?
    – Kva trur de det har å seie?
    – Kva synest de om måten ho reagerer på når dei to gutane ber ho spå?
    – Kva trur de guten meiner når han seier at det er som om stemma til Nina kjem frå den andre sida?
    – Kvifor trur de Nina held fram i friminuttet?
    – Tenkjer de at ho lyg? Kvifor/kvifor ikkje?
    – Kva trur de kjem til å skje vidare?

    Avslutt gjerne diskusjonen med å snakke om kva de synest om å jobbe med påstandar.
    Diskuter også i kva grad utdraget levde opp til dei forventningane de hadde før lesinga. Trur de at fleire av desse forventningane blir møtte seinare i boka?


    3. Vurdering

    Heilt til slutt kan de diskutere utdraget i klassa med tanke på å kome fram til ei felles vurdering:

    Likar de utdraget frå Spådama i 7B?

    Kvifor/kvifor ikkje?

    Det er viktig at synspunkta vert grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane sine og akkurat dei meiningane og grunngjevingane som betyr noko for dei.

  • Aktivitetar

    1.

    Lag ein presentasjon for dei andre i klassa over kva det betyr å kunne spå, kva spådom er og kven som er kjente spådomspersonar.

    2.

    Lag ein spåkopp med tema frå skulen du går på. Kan nokon i klassa allereie lage spåkopp? Viss ikkje, kan du sjå ein video her:

    3.

    Finst det spådommar på ordentleg? Kan du finne nokre spådommar som har blitt kjende og presentere dei for klassa?

  • Bonus

  • Boktips

    Klure av Atle Hansen
    Apetryne av Atle Hansen
    Kampen om superbitchene (bokmål) av A. Audhild Solberg
    Pym-serien (bokmål) av Heidi Linde