Katten og kråka
-
FØR LESINGA:
Sjå på bokomslaget og les tittelen på boka.
– Kva trur de historia skal handle om?
– Kva stemning trur de at det er i historia?Sjangerikonet viser at denne teikneserien er i fantasy-sjangeren. Fantasy-forteljingar kan gå føre seg i vår verd eller i ei anna verd, men dei må innehalde eit fantastisk element av noko slag, som magi, fabelvesen eller noko anna som bryt med det me i vår verd reknar for realistisk. Spørsmål de kan diskutere i klasserommet, er:
– Kva slags fantasy-bøker eller -filmar kjenner de?
– Kva kjenneteiknar slike forteljingar?
– Kva slags forventingar har de til ei fantasy-forteljing?Skriv gjerne opp svara på tavla, i eit felles dokument eller liknande.
ETTER LESINGA:
– Var historia slik de trudde ut frå omslaget?
– Var det nokon fantasy-element i historia?
– Dersom elevane hadde sett eller lese fantasy tidlegare: På kva måte var denne forteljinga lik det de har sett/lese før, og på kva måte skil ho seg frå det?Les teikneserien «Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di» av Øystein Runde i lag med elevane:
I den serien viser Runde korleis ein kan ta i bruk fugleperspektiv, oversiktsbilete, froskeperspektiv, ultranærbilete og anna. Sjå deretter på dei fyrste sidene av utdraget frå Katten og kråka, der kråka kjem til borga og oppdagar draken. Dei sidene er nesten utan ord. Korleis vert ulike perspektiv og utsnitt nytta som forteljande verkemiddel der? Finn de døme på bruk av oversiktsbilete og fugleperspektiv? Kva funksjon har det? Kva med froskeperspektiv for å få noko til å sjå ekstra stort og skremmande ut? Eller ultranærbilete for å framheva noko? Kva med omslaget på boka – kva effekt har fugleperspektivet der?
Vurdering:
Snakk om Katten og kråka i grupper på 3–4 elevar.
– Kva likte du best med denne teikneserien? (Handlinga? Karakterane? Teiknestilen?)
– Kva likte du minst?
– Kvifor?
– Kva ville du gjort annleis?
– Kva meiner du er godt gjort?Diskuter teikneserieromanen i heile klassen og kom fram til ei felles vurdering. Det er viktig at synspunkta er grunngjevne, at rammene er hyggelege og at elevane får høve til å framføre leseopplevingane og meiningane sine.
-
1.
Skriv ei bokmelding. Kva synest du var spennande? Kva likte du ikkje? Kva slags terningkast vil du gi utdraget?
2.
I utdraget får me aldri sjå heile draken. Teikn eit bilete av korleis du trur draken ser ut, eller skriv ein tekst om han der du skildrar korleis du trur han er (farge, lukt, utsjånad, oppførsel og liknande).
3.
Viss du hadde ein magisk reisenøkkel, slik dei har i boka, kor ville du ha reist? Skriv ein kort tekst.
4.
Reisenøkkelen transporterer folk langt bort i hutaheiti. Kva er «hutaheiti»? Slå opp i nettordboka dersom du er uviss. Kan du andre ord for det same?
-
Vil du lese teikneseriar på nett?
Sjangeren for dette utdraget er fantasy. Les meir om fantasy her
Vil du lære å teikne teikneseriefigurar? Sjå tips her:
-
Krypto, Ned i dypet av Hans Jørgens Sandnes
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl
Floke av Ida Eva Neverdahl