Terra victoris
-
Undervisningsopplegg
FØR:
Sjå på framsida av boka. Klassesamtale eller parsamtale.
1. Kva fargar er brukte? Kva kan fargebruken fortelje?
2. Kva slags bygningar er det på biletet? Kjenner de igjen nokon bygningar? Kva funksjon kan bygningane ha?
3. Kva tid kan dette vere ifrå?
4. Kvar i verda kan dette vere?
5. Kva menneske kan boka handle om, ut ifrå bileta på framsida?
6. Tittelen på boka er Terra Victoris. Kva språk kan dette vere? Kva tyder tittelen, trur de? Veit de ein måte å finne ut kva tittelen kan bety, og kva språk det kan vere?
UNDER:
Tenk på sansane dine medan du les. Kva lyder kan Zeki høyre? Korleis luktar det i byen? Kva fargar finst? Kva temperatur er det? Kva kjensler har Zeki? Set gjerne strekar i teksten, eller skriv i margen kva sansar som er brukte, og kva du sjølv tenkjer.
ETTER:
1. Leit opp fire ord som viser at denne forteljinga handlar om framtida, og som du synest er spennande ord. Skriv ei forklaring til dei fire orda. Kva slags ordklasse høyrer orda til?
2. Terra Victoris kan seiast å vere ei science fiction-bok. Kva er typisk for bøker i denne sjangeren? Finn du slike trekk i dette utdraget?
3. I utdraget kan du lese om mykje teknologi som ikkje er i bruk enno. Kan du lage ei liste over kva slags teknologi det er? Kan du ordne ho slik at den teknologien som kjem først, er den mest spennande?
Skriveoppgåver:
1. Finn tre bilete frå dagens Istanbul. Skriv kva du ser på bileta, eller lag små tekstar til bileta.
2. Korleis er det for broren til Zeki som er fengsla? Skriv ei historie der du fortel kvifor han blei arrestert, og korleis det er i fengselet.
3. Tenk deg at Hakan tek kontakt med Zeki. Han har fått vite noko om Ceyda som har forsvunne. Zeki må ta på seg eit farleg oppdrag. Kva kan ha hendt med Ceyda? Skriv vidare på forteljinga.
4. Har du sett ein science fiction-film eller lese ei anna science fiction-bok? Skriv ei oppsummering av filmen eller boka, eller ei melding av boka eller filmen.
5. Du er på reise til framtidas Istanbul. Du skal skrive / snakke inn eit notat til dagboka di. Kva har du sett og gjort? Tenk på eit tal mellom 1 og 6. Talet du vel, styrer kva for eitt av desse orda du må bruke i dagboknotatet: 1: blendande skarpt lys, 2: flygande spiondrone, 3: kvalmande rosegelé, 4: svakt radioaktivt støv, 5: øyredøyvande eksplosjon eller 6: orkanaktig ørkenstorm.
-
Aktivitetar
1. Lag bilete til boka ved å bruke kunstig intelligens! Bruk ord frå utdraget – til dømes: Istanbul, basar, flygande dronar, trafikk. Omsett orda til engelsk ved hjelp av ordbok eller Google translate. Lim dei deretter inn på denne sida. Det kan vere lurt å skrive science fiction også. Lag tekstar eller titlar til bileta.
2. Minecraft. Bygg framtidas Istanbul i Minecraft! Mange skular har tilgang på Minecraft Education, og her kan ein bygge gamlebyen med basarar og moskear, men ta også med nokre framtidsbygg. Bygg gjerne fleire i lag! Vis fram verda til klassa!
3. Tyrkisk mat. Mor til Zeki driv eit gatekjøkken. Finn oppskrifter på typisk tyrkisk mat. Lag ei kokebok, eller prøv ut nokre av rettane på skulekjøkenet! Kanskje dokker kan samarbeide og lage ein film som viser korleis ein kan lage denne maten, slik at du får eit matlagingsprogram?
Kanskje kan denne nettstaden vere ein plass å leite etter oppskrifter.4. I boka kan vi lese om avansert teknologi som til dømes dronar. Men kanskje har dokker lyst til å bygge eigen teknologi? Under finn du ein aktivitet frå Skaperskolen, der ein kan bygge sin eigen rakett av papir. Kanskje kan det verte ein konkurranse i klassa om kven som kan skyte ut raketten sin lengst?
-
Bonus
Sjangeren på denne boka er sci-fi. Les meir her
Rydland vann Uprisen – årets ungdomsbok i 2017 for romanen Galderstjerna. Her kan du lese grunngjevinga til juryen
-
Boktips
Veslebror ser deg av Cory Doctorow. Omsett av Øystein Vidnes
Johnny 777 Mission 5: Los Angeles av Bjørn Sortland. Illustrert av Kjetil Selnes
Inntrenger av Jon Bing, Tor Åge Bringsværd og Sigbjørn Lilleeng
Villheks av Lene Kaaberbøk. Omsett av Øystein Rosse
Dobbeltgjengeren av Scott Westerfeld. Omsett av Magne Tørring