Trolldom: Uforlikt. Overtrykk 2
-
Undervisningsopplegg
FØR:
1. Serien heiter «Trolldom». Kva sjanger trur de at teikneserien er i, dersom de tek utgangspunkt i namnet?
2. Kjenner de andre historier der trolldom er eit viktig element?
3. Undertittelen til denne forteljinga i Trolldom-serien er «Uforlikt». Kva tyder det ordet? Kva tyder det motsette – å vera forlikt? Slå opp på både «forlikt» og «uforlikt» her
UNDER:
Legg merke til relasjonane mellom folk og korleis dei utviklar seg. Kven har noko uoppgjort?
ETTER:
Snakk saman i klassen.
1. Ta opp tråden frå samtalen om ordet «uforlikt». Kven er uforlikte i denne serien? Er det fleire tilfelle av folk som er uforlikte?
2. Kven er Mikke, og korleis tolkar de relasjonen hans til Lily?
3. På kva måtar trur de at møtet med Mikke påverkar korleis Lily er mot Anya når ho kjem heim att?
-
Aktivitetar
1. På fyrste sida ser me ei jordånd som sit attmed Filip. Kva slags skapning trur du det er? Kva evner trur du at jordånda har? Lag eit kort i stil med Pokemon-kort der du skildrar dei viktigaste evnene og eigenskapane du tenkjer at jordånder ville hatt.
2. Trolldom er ein teikneserie. Kva andre teikneseriar kjenner du til? Snakk saman i klassen om kva teikneseriar de liker, og prøv å saman setja opp ei liste med minst fem gode teikneseriar. Kan henda du oppdagar ein ny favorittserie.
3. I serien ser me at Lily hadde eit heilt anna liv før ho møtte Anya, men at ho no lærer å verta heks. Lag ein teikneserie på éi A4-side om nokon som drøymer om å verta noko anna enn det dei er. Du finn ein mal her.
-
Bonus
Kva er teikneserie? Les meir her
Vil du lære å lage teikneseriar? Sjå meir her
Her finn du ei oversikt over teikneseriar frå diverse forlag:
-
Boktips