Abnormium
-
Undervisningsopplegg
FØR:
1. Finn ordet abnorm i ei ordbok, kva betyr det? Les definisjonen, skriv ned nokre stikkord med eigne ord og prøv å forklare det til ein medelev.
2. Kva trur du bygninga på framsida av boka er? Kva får deg til å tru det?
3. Kva slags stemning synest du framsida reflekterer?
4. Dette er ein fantasyroman. Kva er typisk for denne sjangeren? Likar du sjangeren? Kvifor/kvifor ikkje? Har du lese andre bøker i same sjanger?
5. Les ingressen: Kvifor trur du Athea blir låst inne kvar kveld?
6. Kva er ein internatskule? Finst det eit anna ord for ein slik type skule? Kvifor trur du det finst slike skular? I kva slags andre land finst det internatskular, og finst dei i Noreg i dag?
7. Veit du om andre forteljingar der hovudpersonen bur på ein internatskule? Kva slags moglegheiter gjev det forteljinga?
UNDER:
Noter stikkord for Mikkel sin oppførsel medan du les.
ETTER:
1. Kva inntrykk får du av Mikkel, har han gode eller onde hensikter? Bruk blant anna stikkorda du laga i forrige oppgåve for å grunngje synspunkta dine.
2. Kvifor vil ikkje mora til Athea gå inn på skulen, trur du?
3. Korleis tenker du det ser ut der forteljinga går føre seg? Lag ei teikning eller skriv ei skildring på ei halv side.
4. Kva er ein protagonist og ein antagonist i ei forteljing? Slå opp og skriv ei forklaring. Trur du vi i dette utdraget har møtt antagonisten i denne forteljinga? Grunngje meiningane dine.
5. I slutten av utdraget seier Mikkel skuleslagordet “Norma blomstrar der abnormiteten har plass”. Kva betyr dette slagordet, og kvifor seier han det akkurat då?
6. Har skulen din eit slagord? Kva er det, og kva betyr det eigentleg? Kvifor har ein slagord?
7. Finn på eit slagord for klassa di.
Paroppgåve:
1. Finn på nye ord: Brett eitt A4-ark i to på langs. Legg arket på bordet med bretten mot høgre.
2. Skriv ned så mange substantiv du klarar på eitt minutt. Orda må stå under kvarandre langs bretten.
3. Deretter legg du arket med skrifta ned og byter med ein medelev. Pass på at arket er riktig veg og at de ikkje ser kvarandre sine ord.
4. På arket frå medeleven din skal du skrive nye substantiv, så mange du klarar på eitt minutt. Orda skal stå under kvarandre heilt inntil venstre side av arket. Når de har skrive ferdig, set du deg saman med personen du bytte ark med.
5. Brett opp begge arka og les dei nye orda for kvarandre. Plukk ut eitt ord de vil jobbe vidare med. No skal de lage definisjonen. Kva er dette for noko? Kva kan ein bruke det til?
6. Etter 15–20 minuttar skal de presentere det nye ordet for resten av klassa.
-
Aktivitetar
1. Tenk deg at du kunne gå inn i fortellinga og vere Athea: Korleis ville du reagert på å bli send på internatskule og på at ein person smelta framfor deg? Skriv ei halv side om kvar situasjon og prøv å bruke mange adjektiv.
2. Lag ei teikning av hendinga der personen smeltar framfor Athea.
3. Boka blei av ungdom nominert til Uprisen – årets ungdomsbok i 2022. Les bokmeldingar her. Snakk saman i klassa først. Kvifor trur dokker at boka blei nominert til Uprisen? Er dokker einige? Kvifor / kvifor ikkje? Skriv di eiga bokmelding av utdraget. Du kan publisere meldinga på Vurdering av utdraget under sjølve utdraget.
-
Bonus
Les intervju med forfattaren her
Boka blei i 2022 nominert av ungdom til Uprisen – årets ungdomsbok. Les meldingar av boka her
Sjangeren for denne boka er fantasy. Les meir om fantasy her
-
Boktips