Historia om Erling Braut Haaland
-
Undervisningsopplegg
Før lesing:
Sjå på bokomslaget og ha ein samtale i klassen. Bruk gjerne spørsmåla under for å komme i gang med samtalen.
– Vi veit kven boka handlar om, men kva trur du boka handlar om? Kva for hendingar trur du forfattaren har fokusert på?
– Kvifor trur du forfattaren har brukt akkurat desse illustrasjonane?
– Kva for fotballdrakter ser du?
– Illustratøren heiter Thomas Kirkeberg. Finn ut meir om han. Kva for andre bøker har han illustrert?Kva veit dokker om Erling Braut Haaland? Snakk med ein læringspartnar eller i mindre grupper, og fortel kvarandre kva dokker veit. Veit dokker det same? Er kunnskapen ulik? Ta det gjerne opp i klassen, medan læraren skriv ned det dokker seier.
Tror dokker ein må like fotball for å like denne boka? Kvifor / kvifor ikkje?
Kapittelet i utdraget heiter «Stakkars Sverige». Kvifor trur dokker det heiter det? Og kva trur dokker det handlar om?
Under lesing:
Les gjerne utdraget høgt i klassen og «stopp – tenk – snakk/skriv» undervegs. Kanskje etter setninga: «Det er nemleg ikkje alltid så lett å forstå at problemet er deg sjølv.»
Etter lesing:
La elevane prate i mindre grupper om utdraget. Dei kan skrive ned det dei likte og ikkje likte. Var det vanskelege ord? Kva for ord var det? Skriv dei ned.
Deretter kan du opne opp for spørsmål i klassen og la elevane komme med synspunkta sine. Den litterære samtalen bør ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane, og opne spørsmål kan gje moglegheit til å opne opp svara til elevane.
Andre spørsmål som kan inngå i ein litterær samtale i klasserommet, er:
– Kva skjedde med Erling i 14-årsalderen?
– Kven er «Berntsen», trur dokker?
– «Litt fotball gav dagen meining». Kvifor det?
– Kva måtte kretslagstrenaren gjere for Erling da landslaget var i kontakt? Kvifor?
– Kva betyr «løyen»? Finn fleire synonym.
– Kva betyr «gild»? Finn fleire synonym.
– Erling, som mange andre idrettsutøvarar, må ta store livsval i ung alder. Kva synest dokker om det?
– Kva veit dokker om Bryne FK?Heilt til slutt kan elevane komme med kommentarar til utdraget.
– Kva tenkjer dokker om utdraget? Gav det eit godt bilete av Erling Braut Haaland, kven han er, og kor han kjem ifrå? Be elevane grunngje svara.
-
Aktivitetar
– Utdraget startar med setninga: «speler du dårleg, er fort gjort å skulda på noko anna». Kva betyr det? Har du opplevd det sjølv, enten med skolearbeid, på trening eller i andre samanhengar. Viss du tenkjer deg om, var det eigentleg noko eller nokon andre si skuld at det ikkje gjekk som det skulle? Tenk, noter, snakk med ein annan i klassen, og skriv ein kort tekst.
– «Men først skulle han få med seg ein sesong på A-laget til Bryne FK», er siste setninga i utdraget. Korleis gjekk det? Skriv di eiga historie om Erling sin sesong på Brynes A-lag. Kva hender? Kva skjer etterpå? Ver heilt fri i diktinga di.
– Kan du finne andre bøker om Erling Braut Haaland? Finn ut meir om dei, og hald ein presentasjon for klassen.
– Set opp ditt eige drøymelag med norske fotballspelarar.
-
Bonus
-
Boktips