Hopp til innhold

Granittgutta – TikTok-banden

Granittgutta – TikTok-banden, Svein Jarle Åbrekk Fonna, 2023

Kameratane Frank og Kristoffer har endeleg fått sommarferie, og dei har blitt med far til Frank, Stein, på ein konferanse for geologar. Gutane har vedda med Stein om at dei kan klare å få 1000 visningar av ein TikTok-film, og då skal dei få 500 kroner kvar. På hotellet forsvinn det ein vikingring frå ein monter, og gutane ser ringen igjen på TikTok. Dei bestemmer seg for å løyse mysteriet, og trur at bandittane har ein møtestad i skogen.