Tarjei, 13 år
Foreldra til Tarjei skal skiljast. No må han bu med mamma hos den nye kjærasten hennar. Men Tarjei vil ikkje det. Han trivst ikkje der og saknar pappa og det gamle huset. Finst dei ei løysning for han?
-
Undervisningsopplegg
Før lesing:
Sjå på bokomslag og tittel, snakk om forventningar til utdraget.
- Kva slags tankar får dokker når dokker ser på framsida?
- Kva ser dokker på biletet?
- Kjenner dokker igjen motiv eller måten det er framstilt på?
- Les ingressen og snakk om korleis dokker forstår tittelen.
- Kva trur dokker kjem til å skje?
Utdraget er frå ein teikneserie. Viss det er elevar i klassen som er godt kjende med teikneseriar, kan det vere ein idé å be dei om å ta med eit par døme på titlar som dei anbefalar. Alternativt kan du som lærar låne ulike døme på sjangaren og la dei sirkulere i klasserommet, slik at elevane får sjå på forskjellige stilar.
Snakk saman om:
- Er det elevar i klassen som les teikneseriar?
- Kva er det teikneseriar og grafiske romanar kan, som annan litteratur ikkje kan?
- Eit hovudtema for denne teikneserien er relasjonar, skilsmisse og familie. Kva kan dokker om dette frå før?
Under lesing:
Be elevane notere stikkord i teksten medan dei les:
– Korleis er Tarjei framstilt?
– Korleis er teiknestilen til Anja Dahle Øverbye?
– Er det noko som vekker kjenslene når dokker les? Noko som er overraskande, trist, rørande, gledeleg e.l.?
Etter lesing:
Klassesamtale:
For å få i gang litterære samtalar som utviklar lesegleda til elevane og engasjementet deira for litteratur, er det ein fordel å ta utgangspunkt i den personlege leseopplevinga til elevane. Begynn gjerne med spørsmål som «kva handla dette om?» og «kva skjedde her?», eller ta utgangspunkt i stikkorda som elevane har skrive undervegs.
La samtalen utvikle seg ved å formulere opne og autentiske spørsmål som byggjer vidare på svara til elevane – då opplever elevane at leseopplevinga deira blir høyrd og teken på alvor.
I tillegg kan eitt eller fleire av følgjande spørsmål inngå i diskusjonen av utdraget:
– Korleis reagerte dokker på utdraget? Gjorde det inntrykk? På kva slags måte?
– Kva slags relasjon trur dokker at Tarjei og stefaren, Leif, har?
– Korleis reagerer Tarjei då Leif seier at han ikkje vil ha ouijabrettet i huset sitt?
– Kvifor trur dokker at han reagerer slik?
– Har dokker nokon gong opplevd ein situasjon som har fått dokker til å reagere på same måte?
– Korleis trur dokker det er for Tarjei å bu to stadar?
– Kva for ting er det som gjer sterkast inntrykk på dokker?
– Kva likar dokker å kle dokker ut med på halloween?
– Står utdraget til forventningane? Kvifor / kvifor ikkje?
– Kva trur dokker kjem til å skje vidare i boka?Legg gjerne igjen kommentarane elevar eller heile klassen har til utdraget: Bruk Vurdering av utdraget her
-
Aktiviteter
– Korleis trur du Tarjei har det inni seg? Skriv ned fem ord som beskriv kva han føler.
– Lag di eiga teikning av Tarjei. Liknar han på Tarjei i boka?
– Skriv eit kort dikt om kva Tarjei drøymer om medan han søv.
-
Bonus
NB! Vi gjer deg merksam på at antologien inneheld eit anna omslag til denne boka. Det riktige er det du ser på denne sida.
-
Tips til liknande bøker