Mamma på dass
Ella og Omar har nett fylt tretten år. Dei er naboar og bestevener, har kjent kvarandre heile livet og har bursdag same dag. No er dei endeleg store nok til å få Snapchat og TikTok på telefonen! Men då oppdagar Ella samtidig kva mor hennar legg ut på Facebook, og ho kallar Omar inn til krisemøte.
-
Ella er 13 år. Ho har akkurat oppdaga at heile barndommen og oppveksten hennar er dokumentert for heile verda på mamma sin instagramkonto med fleire tusen følgarar.
Til dette utdraget frå Mamma på dass skal elevane samtale om og reflektere rundt det å eksponere barna sine i sosiale medium. I det første kapittelet får vi lese om fleire situasjonar frå barndommen til Ella som mamma har delt med heile verda. I det andre kapittelet får vi lese om korleis Ella opplever dette. Ho kjenner seg avkledd. Ho blir sint på mamma og pappa. Ho vil ta hemn.
I undervisningsopplegget får elevane sjå filmsnuttar av små barn og samtale om desse. Er det greitt av foreldre å dele desse snuttane? Elevane får samtale om det dei har lese i teksten. Etter lesing får elevane sjølve jobbe i grupper og lage parodiar på filmar og bilde som foreldre kan finne på dele av barna sine. Til slutt får dei dikte vidare på teksten: Korleis i alle dagar hemnar Ella seg på influensarmora si?
Undervisingsopplegget er laga av Nynorsksenteret
-
Presentasjon i Canva
(trykk på pilene nedst i høgre hjørne på bilete)Før lesing
Tittelen
Be elevane tenke over tittelen: Mamma på dass. Kva trur du denne boka handlar om?Framsida
Vis elevane boka. Spør elevane– Kven trur de barna på bildet er?
– Kva trur de dei gjer?
– Kvifor gjer dei dette, trur de?
– Kva trur de no boka handlar om?Baksida
Les baksideteksten til boka saman, og sjå på bilda på baksida av boka. Samtal om:– Kva tenker de no boka handlar om?
– Kva rolle spelar instagrampostane i bildet, trur de?
– Kva slags hemn trur de dei tar?
– Kvifor trur de no boka heiter Mamma på dass?
– Kor gammal trur de forteljaren i boka er?
– Finn du noko i språket som gjer at de trur dette?
– Kven har skrive boka?
– Kor gammal trur de han er?
– Kva synest de om at mamma har lagt ut bilde og filmar av Ella og Omar utan å spørje om lov?
– Veit de om det har blitt delt bilde/filmar av dykk i sosiale medium? (Til dømes bursdag, første skuledag, bilde frå feriar.)
– Synest de dette er greitt? Grunngi.Virale filmar av små barn
Sjå på desse filmsnuttane av små barn. Mens de ser filmen, kan de tenke gjennom kva de ville tenkt om de fann ut at foreldra dykkar hadde delt slike filmar då de var små.https://www.youtube.com/watch?v=OQGeoTfR158
– Kva synest de om filmane? Korleis hadde de likt om det var de som var på filmane som er delte for heile verda?
– Kvifor har foreldra delt desse filmane, trur de?Her er ein annan film: https://www.youtube.com/watch?v=dpsXNlarAk8
Denne filmen er frå 1996. Han vart lagd ut på YouTube, og gjekk viralt.
Barnet i filmen, Ellie Sergeant, har fortalt at ho var veldig, veldig flau over denne filmen i barndommen. No, når ho er vaksen, er det lettare å vere stolt over at ho var så uredd og hadde så god sjølvtillit.
Her er eit intervju med Ellie Sergeant etter at ho vart vaksen.
https://www.bbc.com/news/av/uk-england-nottinghamshire-59773522
– Kvifor trur de ho var flau over filmen då ho var barn og ungdom?
– Kvifor er ho ikkje flau over filmen lenger, trur de?
– Kva tenker de om at foreldra delte denne filmen for heile verda?Under lesing
Kapittel 6
Les kapittel 6 saman. Mens de les, noterer de stikkord for kvar situasjon i barndommen mamma har delt med heile verda.Samtalespørsmål:
– Heile barndommen og oppveksten til Ella er dokumentert for heile verda på mamma sin instagramkonto med fleire tusen følgarar.
– Er dette greitt, tenker de? Grunngi
– Korleis hadde de reagert om de var Ella?
– Mange foreldre deler bilde av barna sine i sosiale medium. Dei gløymer ofte at dette kanskje ikkje er like gøy når barna blir store.
– Er det greitt å dele bilde av babyar og små barn utan å spørje dei om lov?
– Kor gamle meiner de barn bør vere før foreldre må be om lov før dei deler bilde?
– Kva synest du om namnet mamma har laga seg på Facebook og Instagram: Miss Kardashian Norway?
– Kvifor trur de mamma har gitt seg sjølv dette namnet?Kva tenker de er best/verst:
Å legge ut rare bilde av vaksne som gjer yoga / klør seg i skrittet, utan at dei veit om det, eller å legge ut bilde av barn som gjer rare ting, utan at dei veit om det?
Dei som meiner det eine, går til eine sida av klasserommet. Dei som meiner det andre, går til andre sida av klasserommet. Du må vere klar til å grunngi standpunktet ditt.
Kapittel 7
Les kapittel 7 saman i klassenMens de les, noterer de ned ord som kan beskrive korleis Ella kjenner seg denne bursdagen.
Samtalespørsmål:
– Kva for nokre tankar og følelsar trur de Ella har denne dagen?
– Kva tenker ho om mamma?
– Kva tenker ho om pappa?
– Korleis kjenner ho seg?
– Kva tenker ho om livet sitt?
– Kva ville de tenkt og kjent om de var Ella, trur de?
– Heilt til slutt i utdraget seier Ella at dei må ta hemn. Kva blir hemnen, trur de?Etter lesing
Kreative aktivitetar
1. Lag fiktive Instagrampostar av små barn
Tenk på vanlege ting de gjorde då de var små.
Det kan vere at de sat på potta og leika, var sjuke, hadde tre smokkar eller åt mat på ein grisete måte.
Det kan også vere at de gjekk litt rart på ski, hadde snubla i søla eller låg på golvet ved smågodthylla på butikken og skreik hysterisk.
Jobb saman i grupper på tre eller fire.
Bli einige om ein eller fleire situasjonar frå ein barndom, og gjenskap situasjonane. Det kan de gjere med film eller bilde.
Lag det som fiktive innlegg på Instagram med tekst til. Tenk at de er foreldre til barnet.
2. Skriv kommentarar til innlegga
I utdraget får mamma kommentarar på innlegget av pappa i joggedress. Skriv kommentarar til kvarandre sine filmar/bilde. Leik at de er:
tanteunge, jente, 17 år
tanteunge, gut, 15 år
venninne, 38 år
svigermor, 74 år
bestefar, 77 år
mannleg kollega, 42 årSamtal:
Kan vi krenke noko i kommentarfeltet?
Kva vil det seie å oppføre seg fint i kommentarfeltet?
Finst der kommentarvettreglar i sosiale medium?
Greier de å lage nokon saman?
Skriv vidare på forteljinga3. Skriv vidare
Heilt til slutt i kapittelet står det:
«Det er berre ein ting å gjera,» sa eg.
«Kva då?» Omar verka usikker.
«Me må ta hemn,» sa egSkriv vidare på forteljinga om hemnen til Ella og Omar.