Overtrykk 2024
Overtrykk er ei årleg samling med nye norske teikneseriar. I samlinga som kom ut i 2024, har alle forteljingane hekser som hovudpersonar. Slik er det også i «Gi meg litt sjelefred» som du no skal få lese. Sjølv om Miriam er heks, handlar historia berre litt om magi og mest om kva kjensler ho og Tyra har for kvarandre.
-
For læraren
Teikneserien «Gi meg litt sjelefred» er henta frå Overtrykk 2024, ei samling av nye norske teikneseriar. Her får elevane lese teikneserien i heilskap, ikkje berre eit utdrag. I undervisingsopplegget retter me fokus mot teikneserien som samansett tekst, og utforskar korleis ulike tekstelement er med på å formidle teksten som heilskap. Les meir om dette her. I arbeidet kan du nytte Øystein Runde si korte innføring i teikneserieskaping og synsvinklar dersom de vil eksemplifisere ulike perspektiv, fontar og teiknestilar.
I førlesingsfasen kan det vere greitt å skape forståing for at Gi meg sjelefred tilhøyrer ein annan sjanger enn til dømes Donald og Pondus. Sjølv om elevane har lese teikneseriar tidlegare, kan denne teikneserien bryte med elevane sine forventingar til teikneserieformatet. Om du vil vise døme på ulike teikneseriar kan du gå til teikneseriesida til Nynorsksenteret.
Elevane skal granske teikneserien med eit litt meir analytisk blikk enn dei vanlegvis gjer. I førlesingsfasen er det viktig å poengtere at ei forteljing med lite verbaltekst ikkje er synonymt med lite informasjon. Sjølve teikneserien handlar mellom anna om det som er vanskeleg å seie med ord, og som kanskje best kjem til uttrykk gjennom blikk og kroppsspråk. Her kan elevane erfare korleis teikneserieformatet formidlar den nonverbale kommunikasjonen, og at den er vel så viktig som replikkane.
I ei av aktivitetane skal elevane setje musikk til teikneserien. Her kan elevane få erfare korleis nye modalitetar kan forsterke og utdjupe opplevinga.
Ulike klasserom treng ulike inngangar til å snakke om seksuell legning og kjensler. For nokre elevar kan eit fantasiunivers gi ein produktiv distanse som gjer at elevane står på «nøytral grunn» i samtalar om eit tema som kan vere krevjande å snakke om for enkelte sjuandeklassingar.
-
Undervisningsopplegg
Presentasjon Gi meg litt sjelefred (pdf)
Før lesing:
– Kva slags teikneseriar les du?
– Finst det ulike teikneseriesjangrar? Kva ulike typar teikneseriar kjenner du til?
– Diskuter denne påstanden: Det er lett å lese ein teikneserie fordi det er så lite tekst.
– Teikneserien heiter «Gi meg litt sjelefred». Forklar for ein medelev kva sjelefred Kva gir deg sjelefred?Under lesing:
Les teikneserien.
– Legg særleg merke til dei delane av forteljinga der det ikkje er replikkar.
– Lag ei forteljarstemme inni deg som fortel det som blir fortalt utan ord.
– Sjå kor mykje du kan «lese» ut ifrå det som ikkje er tekst.Etter lesing:
1. Kan du fortelje kva denne teikneserien handlar om, med tre setningar?
2. Kvar i teikneserien kan du sjå at dette er ei fantasiverd? Leit etter små og store detaljar som viser at dette ikkje går føre seg i vårt univers.
3. Miriam, hovudpersonen i forteljinga, er ei heks.
a) På kva måte kan du sjå det?
b) Liknar Miriam på dei heksene du har møtt i andre forteljingar? Korleis skil ho seg frå ei tradisjonell heks?4. Tyra har ein skade i skuldra si. I nokre forteljingar er fysisk skade eit teikn på eit indre sår eller problem. Korleis er dette for Tyra?
5. Teikneserien har nytta ulike utsnitt og synsvinklar. No skal du finne:
– Eit totalbilete (greier du å finne det totalbiletet som nyttar fugleperspektiv?)
– Halvnært bilete
– Eit nærbilete6. Sjå på utforminga av snakkeboblene. Kva fortel sjølve snakkeboblene om korleis personane snakkar?
7. I enkelte ruter i teikneserien ser me berre eit ultranært bilete av Miriam eller Tyra, utan replikkar.
a) Finn tre slike nærbilete utan replikkar, og set ord på kva ruta fortel.
b) Er desse nærbileta utan replikkar viktige for å fortelje historia? Kvifor tenkjer du at desse nærbileta er med i teikneserien?8. Finn fram til ei side i teikneserien som du likte. Gå til Pixabay eller ei anna side med musikk utan opphavsrettar.
a) Finn bakgrunnsmusikk som kan passe til stemninga og handlinga på teikneseriesida. Kan du finne musikk som endrar opplevinga av teikneseriesida?
b) Gå i grupper og del musikken de har valt. Er de einige i val av bakgrunnsmusikk, eller har dei andre på gruppa andre tankar om kva musikk som passar? -
Aktivitetar
Skriv Tyra sitt eventyr
Teikneserien sluttar med at Tyra reiser ut på neste eventyr. Skriv ei forteljing der du fortel om det Tyra opplevde på denne reisa. Kva møter ho, og korleis opplever ho det å skulle reise bort frå Miriam?
Lag ein teikneserie
No er det din tur! Læraren vel om du skal nytte teikneseriemalane du finn på denne sida, eller arbeide digitalt i eit program som skulen har tilgang til (til dømes Creaza, Canva, Book Creator, eller ved å bruke malen «Manga-tegneserieskaper» i Powerpoint).
Teikneserien skal vere på maksimalt ei side. Dersom de arbeider med eit passande tema i eit anna fag (naturvern, berekraft, ein historisk periode, kosthald), kan de godt lage ein teikneserie om dette temaet.
I teikneserien skal du:
– bruke ulike utsnitt og synsvinklar.
– velje snakkebobler og fontar som samsvarer med det karakterane seier.
– ha minst ei rute i teikneserien utan replikkar eller forteljarkommentar, som fortel noko på ein annan måte.Lag ein animasjonsfilm!
Bruk side 16–20, og filmatiser denne delen av teikneserien. Spel inn dialogen med ei passande stemme, effektlydar og bakgrunnsmusikk. Bruk bileta frå teikneserien, legg inn zoom, utsnitt og panorering. Det beste er om du gjer det i denne rekkjefølgja:
1. Spel inn dialog (Hugs å legge inn litt mellomrom mellom rutene og replikkane. Det bør ikkje gå for fort.)
2. Legg inn bilete og rediger overgangar, utsnitt, zoom osv.
3. Legg inn bakgrunnsmusikk og eventuelle effektlydar. Både musikk og effektlydar kan ein finne på pixabay.com)Hugs å lage ein sluttekst/rulletekst der du skriv kven som har gjort kva (inkludert namnet på teikneserieskaparen).
-
Bonus
-
Boktips