Ivar får ansvar
Ivar og Maja er bestevener, men denne sommaren har Maja fått seg jobb på Ottos kafé. Maja vil ikkje leike med Ivar slik ho bruker, sjølv om Ivar finn på artige leikar som å fange fluger i matboksar. Så Ivar skaffar seg eigen jobb. Han heng opp ein plakat på butikken om at han kan hjelpe til med å flytte ting. Det går ikkje så bra – kundane lurar han, og foreldra vil ha ein del av pengane. I tillegg kjem det ein kajakkpadlar som heiter Mons, til kafeen der Maja jobbar. Maja legg handa på skuldra til Mons når ho pratar til han, og seier til Ivar at ho «kanskje er opptatt» når han vil finne på noko.
-
Til læraren
Ved å arbeide med romanutdraget Ivar får ansvar kan du som lærar leggje til rette for høgtlesing, samtale, refleksjon og skriving på ein engasjerande måte. Korleis oppfattar 12-åringane seg sjølve når dei er i slutten av barneåra? Korleis utviklar og endrar relasjonane seg mellom dei og venane, og dei sjølve og foreldra? Det å vere 12 år er å vere i ei brytningstid mellom barn og ungdom, og alderen inneber at ein får stadig nye krav og forventingar stilte til seg. Gjennom å lese utdraget frå boka får elevane reflektere over tema som dei lett kan kjenne seg igjen i. Oppgåvene som er laga i tilknyting til romanutdraget, let elevane uttrykke seg både munnleg og skriftleg, og er praktiske og varierte.
For at opplegget skal vere enkelt for deg å ta i bruk i klasserommet, har vi samla alle oppgåvene i ein presentasjon som du kan ha på lystavla framme i klasserommet. Oppgåvene kan du redigere og tilpasse etter behov.
-
Undervisningsopplegg
Presentasjon Ivar får ansvar (pdf)
Før lesing:
Romanen vi skal lese utdrag frå, heiter Ivar får ansvar og er skriven av forfattaren Arnfinn Kolerud.
Teikneoppgåve:
Ta fram blyant og fargestiftar og teikn ei skisse av ei bokframside som har denne
tittelen. Korleis trur du ho ser ut? Når du er ferdig med arbeidet, viser du bokframsida til sidemannen og forklarar kva du har teikna, og kva du trur boka handlar om.
Felles læringsaktivitet i klassa
Lim alle bokframsidene opp på tavla, og samanlikn framsidene.
Samtalespørsmål
Er bokframsidene veldig forskjellige eller ikkje? Kva slags bokframsider gir deg lyst til å lese boka, og kvifor?
Her ser dokker bokframsida. Var ho annleis enn den dokker teikna? (Vis lysbiletet som syner bokframsida).
To og to saman
a) Studer bokframsida og prøv å beskrive henne. Kva slags fargar er brukte? Kva personar er med? Korleis vil du skildre personane som er på teikninga?
b) Kven trur dokker Ivar er? Hugs å grunngi synspunkta dokkar.
c) Kva slags situasjon blir skildra på bokframsida?
Kva har situasjonen med tittelen å gjere, trur dokker?
d) Kva slags relasjon har dei ulike personane på biletet, trur dokker?Under lesing:
Læraren din skal no lese utdraget av romanen Ivar får ansvar høgt i klassa. Medan læraren din les, skal du følgje med i teksten.
Prøv å leggje ekstra godt merke til alt som har med Ivar å gjere. Kva slags inntrykk får du av han? Korleis blir han skildra i romanutdraget?
Skriv ned alle personane vi møter i romanutdraget, og skriv ned stikkord om det vi får vite om dei.
Etter lesing:
Jobb saman to og to med dei innleiande samtalespørsmåla. Til slutt har dokker ein felles samtale i klasserommet.
a) Kva handlar dette romanutdraget om?
b) Kven møter vi i romanutdraget?
c) Nemn 2–3 samtalar eller hendingar som du meiner er sentrale i tekstutdraget, og forklar kvifor.
d) Korleis vil du beskrive Ivar ut frå det du har fått vite om han?
e) Korleis vil du beskrive Mons?
f) Kva er relasjonen mellom Ivar og Maja, trur du?
g) Kva likte du godt ved historia om Ivar? Kva likte du mindre godt?
h) Fekk tekstutdraget deg til å vilje lese vidare i boka? Kvifor / kvifor ikkje? -
Aktivitetar
Skriveoppgåve
Tenk deg at du sjølv ønskjer å søkje sommarjobb og må lage ein plakat. Kva skal stå på plakaten, og korleis skal han sjå ut? Før du kan setje i gang med arbeidet, er det viktig at du bestemmer deg for kva slags jobb du ønskjer å få.
Krav til plakaten:
-Lag ei fengande overskrift som gjer at folk stoppar og les plakaten.
-Teksten skal tydeleg kommunisere kven du er, og kva slags jobb du ønskjer å få.
-Plakaten skal ha ein innbydande design og gode illustrasjonar som understrekar teksten.
-Teksten skal vere skriven på nynorsk.Heng plakatane opp i klasserommet.
Vi førebur samtalesirkel
Vi har lese eit utdrag frå romanen Ivar får ansvar. I utdraget får vi vite litt om korleis det har gått med sommarjobben til Ivar, og vi får også vite litt om Maja.
Gå saman to og to
Oppdrag: Om 20 minutt skal klassa setje seg i to samtalesirklar og samtale om tekstutdraget. Du og læringsvenen din skal no førebu spørsmål som dokker skal stille resten av klassa. Før dokker startar på spørsmålsutforminga, skal dokker snakke saman om kva som skjedde i tekstutdraget. Kva overraska dokker? Kva gjekk som venta? Prøv å utforme spørsmål som opnar opp for samtale. Her er nokre døme på gode setningsstartar for slike spørsmål:
– Kva synest du …
– Korleis opplevde du …
– Kva trur du er grunnen til at …
– Kvifor trur du at …
– Kva tenkjer du om …
– Kva slags inntrykk får du av forholdet …
– Kvifor trur du at …
– Kva tenkjer du om valet …
– Korleis ville du ha … -
Bonus
-
Boktips