Hopp til innhold

Soldagen

Soldagen - Sunniva Relling Berg

Maja har stukke av heimanfrå for å vere hos tante Bodil. På veg dit har ho fått hjelp av Nils, som plukka ho opp med bilen sin. Nils er i trøbbel, og Maja, som stadig kjem i trøbbel sjølv, kjenner seg igjen og vil hjelpe han.

Den første soldagen etter vinteren skal det vere marknad i bygda. Der skal tante Bodil arrangere sledeturar med hundane sine. Bodil og Maja drar til marknaden saman med veneparet Jens og Gerda, som skal selje ting der. Med på turen er også dei to mindre­ årige, einslege flyktningane Ilias og Amira, som bur med Jens og Gerda denne helga. Storebroren Ilias er på alder med Maja.

Då Jens og Gerda skal rigge opp bua si på marknaden, oppdagar dei at pengeskrinet er borte. Og Jens veit at Ilias skuldar ein stor pengesum til nokon …

 

  • Til læraren

    Soldagen av Sunniva Relling Berg byggjer vidare på persongalleriet frå romanen Polarnatt, men det er ikkje naudsynt å ha lese Polarnatt før. Dette er lettlesne romanar for denne målgruppa.

    I denne ressursen har me valt å ta tak i to ting. For det første kan elevane verte merksame på måten me nyttar natt, dag, lys og mørke som språklege bilete i språket vårt. Sjølve tittelen «Soldagen» kan ved første augekast skape veldig positive assosiasjonar, men gjennom å lese utdraget vil dei oppdage at Maja er redd for at sanninga ikkje skal tole dagens lys. Det kan vere både godt og ubehageleg når noko kjem fram i lyset. Ilias opplever at Jens rettar søkelyset mot han, og sanninga kjem i skuggen av mistilliten.

    Dersom de har mange kortstokkar tilgjengelege på skulen, kan det vere fint å starte økta med å spele eit parti løgnar. Her finn du reglane. Etter dette kan elevane snakke om:

    • Kor vidt ein greier å sjå at medelevar lyg?
    • Kor mange valde å spele heilt lovleg når ein hadde sjansen til å bløffe?
    • Kor mange som hadde lyst til å lyge når ein sat med ei dårleg hand?

    Særleg det siste spørsmålet har tydlege parallellar til tematikken i utdraget. I romanutdraget ser me fleire situasjonar der personane må velje om dei skal stole på andre. Kvifor stolar Maja på Nils? Kvifor stolar ikkje Jens på Ilias? Kva skal til for at me stolar på nokon, og kva skjer dersom me ikkje har tillit til dei me har rundt oss?

    Kva bør me gjere for at andre skal kjenne seg trygge på oss, og korleis skal me sikre at me ikkje vert lurte av dei som verkeleg vil lure og utnytte oss. Balansegangen mellom å vere skeptisk og ha tillit er interessant, og viktig å tenke over for born som er på veg ut i ei digital sosialisering.

  • Undervisningsopplegg

    Presentasjon Soldagen (pdf)

    Før lesing:

    I dette utdraget skal du lese om noko som skjer på soldagen. Soldagen er den dagen sola kjem tilbake etter mørketida. Fleire stader i Nord-Noreg feirar ein denne dagen. Sola kjem tilbake til Alta 17. januar, Tromsø 21. januar og Longyearbyen på Svalbard først 8. mars.

    a) Korleis opplever du det når dagane blir lengre?

    b) Sol, mørke, lys og skugge kan samstundes vere bilete på noko anna. Kva kan desse uttrykka bety?
    – det går mot lysare tider
    – å få noko fram i lyset
    – å tole dagens lys
    – lyssky aktivitet

    c) Kjenner du fleire slike uttrykk der lys, skugge, mørke, dag eller natt er nytta som eit språkleg bilete?

    d) Kan tittelen Soldagen handle om noko meir enn berre sjølve festdagen?

     

    Utdraget du skal lese, handlar mellom anna om å ha tillit til andre personar

    – Kva meiner du må til for at du skal kunne stole på ein person?

    Under lesing:

    Fleire stader i teksten må personar bestemme seg for om dei vil stole på kvarandre. Legg merke til kvifor dei vel å stole på den andre, eller kvifor dei ikkje gjer det.

    Etter lesing:

    a) Kvifor mistenkjer Jens at det er Ilias som har tatt pengeskrinet?
    b) Sjå på dette utdraget: «Ilias vil rive himmelen i bitar. Den tunge himmelen som har pressa han mot bakken heile vinteren. Han vil brøle så frosten sprekk og fargane kjem tilbake.» Kva betyr dette, trur du?
    c) Kvifor stolar Maja på Nils? Kvifor vil ho hjelpe han?
    d) «Det er sånt som skjer når du stolar på folk», seier Nils når han skal forklare at han er forslått i andletet. Er du einig? Er det farleg å stole på andre?
    e) Kva trur du Maja kjem til å gjere vidare i denne forteljinga?
    f) Snakk saman. Lag ei liste over gode råd for å bygge tillit til andre personar. Kva må til for at andre skal stole på oss? Samle svara til ei felles liste for klassa.

  • Aktivitetar

    Skriv til Jens og Gerda

    Tenk at du er Maja etter at pengeskrinet vart stole. Du angrar veldig, ynskjer å tilstå, men vil helst skrive eit brev til Jens og Gerda framfor å seie det. Skriv brevet der du forklarer kva som har hendt med pengeskrinet, kvifor du gjorde det, og kvifor det er så vanskeleg å innrømme dette. Har du nokon tankar om korleis ein skal gjere det godt? Og hugs for all del å seie unnskyld for det som har hendt. Lykke til!

    Lag ein solsong

    Mange artistar har laga songar om at sola kjem tilbake, og at det blir lysare og mildare. The Beatles sin song «Here Comes the Sun» er eit eksempel på ein slik song.

    No er det din tur. Lag eit dikt, ein rap eller ein song om sollyset som kjem tilbake. Sjå om sollyset eller mørket kan vere bilete på noko meir. Som for eksempel:

    – Sola kan vere eit bilete på betre tider og at alt løyser seg.
    – Det at sola kjem tilbake, kan vere eit bilete på noko hemmeleg som ikkje let seg skjule lenger.
    – Sola kan vere eit bilete på at nokon ser deg og forstår deg.

  • Bonus

  • Boktips