Gunnars rekordbok
Mor til Gunnar er død, og far til Gunnar er så lei seg at han berre ligg heime på sofaen. Gunnar er også lei seg, men han må gå på skulen som vanleg. Det hjelper å ha ein bestekompis som heiter Sivert, og det hjelper å sjå på Vilde i klassen. Når ho smiler med heile ansiktet, pumpar hjartet til Gunnar raskare i brystet på han. Gunnar veit mykje om Vilde. Han veit til dømes at ho har ei mor som er lege, og at ho beundrar ein fyr som heiter Magnus, fordi han er verdsmeister i klatring. Men Gunnar veit ikkje korleis han skal fortelje Vilde kor godt han likar ho.
-
Til læraren
Dette undervisningsopplegget baserer seg på utdrag frå romanen Gunnars rekordbok (2024) av Anders Totland, ei bok som kombinerer humor, alvor og relasjonar. Målet med opplegget er å stimulere elevane til refleksjon, leseforståing og kreativ utfalding gjennom førlesingsaktivitetar, arbeid undervegs og etterarbeid. Oppgåvene er laga for å støtte lesing på ein variert og engasjerande måte, med vekt på sentrale tema som vennskap, familie og sorg.
Opplegget inneheld refleksjonar rundt bokomslaget og tittelen for å aktivere forkunnskapar og skape engasjement for vidare lesing. Undervegs arbeider elevane aktivt med å lytte. Lesing i grupper med tilhøyrande spørsmål hjelper elevane til å strukturere og forstå innhaldet. Etter lesinga blir elevane oppmoda til å diskutere og reflektere rundt temaa. Gjennom kreative skriveoppdrag får elevane lage si eiga rekordbok, endre synsvinklar eller skrive eit brev som utforskar kjenslene til Gunnar.
For å gjere opplegget enkelt å bruke er alle oppgåvene samla i ein PowerPoint-presentasjon. Desse kan tilpassast etter behov og elevgruppa sitt nivå.
Nokre tips til gjennomføring:
- Les utdraget høgt i klassa for å sikre felles forståing og engasjement.
- Oppmuntre elevane å bruke eigne erfaringar i diskusjonane for å skape større tilknyting til temaa.
- Gje rom for kreativitet i skriveoppdraga. Aksepter at elevane ikkje nødvendigvis ønskjer å dele innhaldet.
La deg inspirere til å arbeide med ei nydeleg bok om viktige tema saman med elevane dine.
Lykke til!
-
Undervisningsopplegg
Presentasjon Gunnars rekordbok (pdf)
Før lesing:
Sjå nærmare på bokomslaget og tittelen Gunnars rekordbok.
– Kva assosierer de med «rekordar» og «rekordbøker»?
– Studer bokomslaget og personane på framsida. Kva trur de boka handlar om?
– På baksida av boka står det:«Gunnar har ei bok som er full av rekordar. Der skriv han om Sivert, som er verdas beste kamerat, om far til Sivert, som må vere verdas blidaste mann, om pappa, som berre ligg på sofaen og er den tristaste Gunnar veit om. Og om Vilde, som har verdas finaste smil.
Men han skriv ikkje om korleis eit hjarte berre kan slutte å slå, og han skriv ikkje om mamma. Han viser ikkje boka til nokon. Ingen får lesa Gunnars rekordbok».
– Ut frå det som står på baksida av boka: Kven er Gunnar, og kva trur de han har opplevd? Gunnar skriv ikkje om mor si i boka, han viser heller ikkje boka til nokon. Kvifor trur de det er slik?
Under lesing:
– Læraren les utdraget høgt i klassa medan de aktivt lyttar til teksten.
– Etter at læraren har lese teksten høgt, forsøk å gjenfortelje det som skjer, for kvarandre.
– Les utdraget høgt for kvarandre i små grupper. Bruk spørsmåla under for å lage ei oversikt over teksten:Kven møter de i utdraget?
Kva skjer?
Korleis skjer det?
Når skjer det?
Kvifor skjer det?Etter lesing:
1. Gunnar har mista mor si. Kor i teksten kjem det fram? Finn konkrete døme.
2. I utdraget finn de døme på tilbakeblikk. Kva er tilbakeblikk, og kva får de vite gjennom desse tilbakeblikka?
3. Far til Gunnar er lite til stades. Heller ikkje då Gunnar fell ned frå treet og må til legevakta, tek faren telefonen. Korleis trur de det påverkar Gunnar?
4. Har de nokon gong opplevd å miste nokon de er glad i? Kvifor er det vanskeleg å setje ord på det som er tungt, og kvifor er det viktig å snakke med nokon om det?
5. Korleis kan ein vere ein god venn for nokon som har det vanskeleg? -
Aktivitetar
Di eiga rekordbok
Gunnar har skrive ei eiga rekordbok der han samlar alt som er bra. Her skriv han om «Den beste vennen i verda» og om verdas tøffaste jente, som attpåtil har verdas finaste smil.
Tenk deg at du skal skrive di eiga rekordbok. Kva rekordar skulle ha vore med? Lag ei oversikt. Du vel sjølv om du vil dele innhaldet med nokon.
Utform ditt eige bokomslag til rekordboka di. Presenter bokomslaget for resten av klassa.
Å endre synsvinkel
Vel anten oppdrag 1 eller 2.
1. Førestill deg at du er Vilde, Sivert eller Birger, og at du ser Gunnar klatre høgare og høgare opp i treet for å hente frisbeen (sjå side 73). Skriv eit kort avsnitt der synsvinkelen ligg hos ein av desse personane.
2. Når Gunnar fell ned frå treet, insisterer foreldra til Birger på at han må til legen. Mor til Vilde er lege og arbeider på legevakta. Førestill deg at du er mor til Vilde. Skriv eit kort avsnitt der synsvinkelen ligg hos ho.
«Den tristaste eg veit om»
Gunnar omtalar far sin som «den tristaste» han veit om. Skriv eit brev frå Gunnar til pappa. Kva trur du han ville ha sagt dersom han hadde våga?
-
Bonus
-
Boktips