Du kan velje mellom tre oppgåver:

1. DITT EIGE SPRÅK

Skriv ein tekst om språk! Teksten kan for eksempel vere eit lesarinnlegg, ein appell eller ein utgreiande saktekst.

Moglege vinklingar kan vere:
a) Snakkar du på ein annan måte med venner enn med vaksne? Kvifor er det sånn? Er det nokre ord det er flaut at vaksne brukar?
b) Kva ord frå dialekta di likar du best? Kvifor er det viktig å ta vare på språket vårt? Kva synest du om at engelsk blir meir brukt?

2. SPORTEN DU ELSKAR

Ein handball. Ein volleyball. Ein tennisball. Ein fotball. Kva ball får hjartet ditt til å banke litt ekstra? Skriv eit dikt om ein sport du er glad i. La det kome tydeleg fram i diktet kva det er som gjer akkurat denne sporten så spesiell og viktig for deg.

3. ANBEFAL EI BOK

Ta utgangspunkt i eitt av bokutdraga som er med i Tid for ti, eller ei anna bok du har lese, og skriv anten ei bokmelding eller lag ein boktrailer. Målet med både bokmeldinga og boktraileren er å få andre unge til å lese boka.

 

Skriverammer, tips og triks til dei ulike sjangrane.

 

FRIST

10. mars 2026

Last gjerne ned denne plakaten og heng opp i klasserommet eller på skulebiblioteket.

KRAV

  • Teksten/opptaket må vera mellom 100 og 400 ord.
  • Teksten/opptaket må vera på nynorsk for å bli med i trekkinga av premiar. (Om ikkje alt er rett, så går det fint. Me hjelper til med rettskrivinga på dei tekstane som blir publiserte.)
  • Skrivekonkurransen er open for alle mellom 7 og 14 år.


VINN FINE PREMIAR

Dei beste bidraga blir publiserte i Framtida Junior. Me plukkar òg ut fleire bidrag som får t-skjorte og bokmerke frå Framtida Junior eller bokpakke frå Stiftelsen LESE. Den beste klassen med flest gode tekstar og teikneseriar får 2000 kroner i premie.

INNSENDING

Send teksten kopiert inn i ein e-post til framtidajunior@gmail.com og petra@stiftelsenlese.no. Det går òg an for læraren å senda alle tekstar frå klassen samla.

Skriv «Skrivekonkurranse 2027» i emnefeltet. Hugs namnet ditt og kva slags skule du går på.

 

Framtida junior, Nynorsksenteret og Tid for ti samarbeider om konkurransen.